Liten renteoppgang på studielånet

Sist oppdatert: 02.05.2011
Den flytande renta i Lånekassen vil frå 1. juli vere på 3,260 prosent.

Dette innber ein liten auke på cirka 0,1 prosentpoeng frå dagens rente på 3,162 prosent.

– Vi ser at den flytande renta har halde seg stabil det siste året, seier informasjonsdirektør i Lånekassen, Astrid Bugge Mjærum.

Ny fast rente frå 1. juli

Dei faste rentesatsane som gjeld frå 1. juli, vil bli offentleggjorde i byrjinga av juni. Kundar som ønskjer å binde studielånsrenta for tre, fem eller ti år, vil kunne gjere det i perioden 1.-12. juni. Dei som vil bryte ein fastrenteavtale, kan også gjere det i denne perioden.

Blir fastsett seks gonger i året

Dei som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk behalde den flytande.

– Kundane kan sjølve velje om dei ønskjer å binde renta. Fordelen med fast rente er betre  kontroll med utgiftene, ulempa er at du går glipp av eventuelle rentenedgangar, seier Mjærum.

Om lag 80 000 av Lånekassen sine kundar har valt å binde renta, medan cirka 465 000 har flytande rente.

Både den faste og den flytande renta blir fastsette seks gonger i året.

Les meir om rentesatsar og rentefastsetjing i Lånekassen