Lånekassen med ny bukontroll

Sist oppdatert: 14.03.2012
I desse dagar blir studentar over heile landet igjen bedt om å dokumentere at dei bur borte.

Dei aller fleste studentar er ærlege, men Lånekassen veit at somme skriv i søknaden at dei bur borte, medan dei faktisk bur saman med foreldra sine.

– Berre studentar som bur borte, kan få gjort om lån til stipend. Ordninga er basert på tillit, og det er viktig at pengane går til dei som har rett til støtte, seier Liv Simonsen, fagdirektør i Lånekassen.

3,6 prosent gav urette opplysningar

Lånekassen gjennomførte den førre store bukontrollen i mars 2011. Dei som blei kontrollerte, studerte ved ein lærestad i nærleiken av foreldreheimen sin, og hadde opplyst at dei hadde flytte heimanfrå.

– Kontrollen avdekte at 3,6 prosent av dei 1 000 studentane som blei kontrollerte, hadde budd saman med foreldra sine i eitt eller fleire semester. Desse resultata, saman med reaksjonar frå ærlege studentar som irriterer seg over at andre juksar til seg pengar, viser at ein ny kontroll er nødvendig, seier Simonsen.

Strenge reaksjonar

Studentar som har gitt feil opplysningar om bustatus til Lånekassen, kan få strenge reaksjonar.

– Den vanlegaste reaksjonen er at studentane mister rett til støtte, betalingsutsetjing og rentefritak i like  mange semester som dei har gitt urette opplysningar. I dei alvorlegaste tilfella kan studentane miste retten til studiestøtte for alltid, og forholdet kan bli meldt til politiet, seier Simonsen.

Ho oppmodar alle studentar som har gitt urette opplysningar, om å melde frå til Lånekassen.

– Dess fortare ein får rydda opp, dess mindre alvorlege blir konsekvensane, påpeikar Simonsen.

Fakta:

  • 1 000 studentar frå tretten lærestader over heile landet, både offentlege og private, er plukka ut i bukontrollen. Dei blir bedt om å sende inn kopi av leigekontrakt eller eventuell dokumentasjon på at dei eig bustaden dei bur i.
  • I overkant av 191 000 studentar får støtte frå Lånekassen til høgare utdanning i Noreg. Talet inkluderer også elevar ved folkehøgskolar, fagskolar, vaksenopplæring osv.
  • Drygt 14 500 studentar har opplyst at dei bur saman med foreldra i undervisningsåret 2011-2012.176 500 studentar har opplyst at dei bur borte frå foreldra.
  • I 2010–2011 delte Lånekassen ut 20,5 milliardar kroner i stipend og lån.
  • Fulltidsstudentar i høgare utdanning får 90  800 kroner i året. All støtte blir utbetalt som lån, men dei som bur borte, får inntil 40 prosent av basisstøtta gjort om til utdanningsstipend etter fullført utdanning. Fullt utdanningsstipend i 2011–2012 er 36 320 kroner.