Lånekassen kontrollerer om studentar bur borte

Sist oppdatert: 28.03.2011
I desse dagar blir 1 000 studentar over heile landet bedt om å dokumentere at dei bur borte. Studentar som har gitt falske opplysningar til Lånekassen, kan få strenge straffer.

Lånekassen veit at somme studentar oppgir i søknaden sin at dei bur borte, medan dei faktisk bur saman med foreldra sine. Det er berre studentar som bur borte, som kan få gjort om lån til stipend, heimebuarar har ikkje rett til omgjering.

– Vi får inn tips frå ærlege studentar som irriterer seg over at somme juksar. Ordninga er basert på tillit, og det er viktig at pengane går til dei som har rett til støtte, seier Astrid Bugge Mjærum, informasjonsdirektør i Lånekassen.

Studentar frå tolv lærestader

1 000 studentar blir no bedt om å sende inn kopi av leigekontrakt, eller eventuell stadfesting på at dei eig leilegheita dei bur i. Dei som blir kontrollerte, studerer i nærleiken av foreldreheimen og kan i teorien bu heime, men har opplyst at dei bur borte. Studentar frå tolv lærestader over heile landet, både offentlege og private, er plukka ut.

Kan miste retten til støtte

Den førre store bukontrollen viste at 45 av 1 000 studentar som blei kontrollerte, fekk utdanningsstipend etter å ha oppgitt falsk bustatus. Reaksjonane på dei falske opplysningane kjem an på kor alvorleg forholdet er.

– Den vanlegaste reaksjonen er at studentane mister rett til støtte i like mange semester som dei har gitt urette opplysningar. I dei alvorlegaste tilfella kan studentane miste retten til studiestøtte for alltid, og forholdet kan bli meldt til politiet, seier Mjærum.

Fakta:

  • I overkant av 185 000 studentar får støtte frå Lånekassen til høgare utdanning. Talet inkluderer også elevar ved folkehøgskolar, fagskolar, vaksenopplæring osv.
  • 13 000 studentar har opplyst at dei bur saman med foreldra i undervisningsåret 2010–2011.172 000 studentar har opplyst at dei bur borte frå foreldra.
  • Lånekassen delte i 2009–2010 ut nærmare 19 milliardar kroner i stipend og lån.
  • Fulltidsstudentar i høgare utdanning får 89 000 kroner i året. All støtte blir utbetalt som lån, men dei som bur borte, får inntil 40 prosent av basisstøtta gjort om til utdanningsstipend etter fullført utdanning. Fullt utdanningsstipend i 2010–2011 er 35 600 kroner.