Lånekassen i ny drakt

Sist oppdatert: 13.01.2011
Lånekassen lanserer i dag ein ny visuell profil, og med den ein ny logo. Målet har vore å utarbeide ein tydeleg og heilskapleg grafisk profil, tilpassa kommunikasjonsflatene av i dag og i framtida.

Lånekassen kommuniserer i stor grad digitalt med kundane sine, og får no ein visuell profil som byggjer oppunder den moderne Lånekassen.

Framtidsretta profil

Den gamle logoen har stått uendra sidan 1991. Innføringa av eit nytt kunde- og saksbehandlingssystem har også aktualisert behovet for ei oppdatering av den visuelle profilen.

 – Den nye profilen til Lånekassen byggjer vidare på den tilliten vi har opparbeidd oss gjennom mange år, samtidig som den skal gi oss eit meir oppdatert uttrykk, seier Bertil Tiusanen, direktør i Lånekassen.

Effektiv prosess

Kjartan Haugen har stått for den grafiske utforminga i samarbeid med Mission Design. Omlegginga til ny visuell profil og logo har vore ein effektiv og målretta prosess, som starta våren 2010 og har kosta i underkant av ein halv million kroner.

– Endringar bør gjennomførast så effektivt og kostnadssparande som råd, og innføringa av den nye profilen vil skje gradvis på somme område. Kundane våre vil derfor framleis kunne sjå materiale med den gamle logoen utover i 2011, presiserer Tiusanen.

Ny logo

Den nye logoen til Lånekassen består av namnetrekket ”Lånekassen”, i tillegg til eit symbol. Som i den gamle logoen, er det nye symbolet også forma av tre L-ar. Symbolet kan blant anna bli oppfatta som ei trapp, ei opning eller ein kasse som nokon har lånt ein del av.

– Ettersom det er sjølve namnet kundane våre kjenner best, har det vore eit viktig poeng for oss å framheve Lånekassen sitt namnetrekk i utforminga av logoen.

Lånekassen/Statens lånekasse for utdanning

  • Oppretta i 1947 som Statens lånekasse for studerande ungdom.
  • Skal fremje sjansen til utdanning uavhengig av geografiske forhold, alder, kjønn, funksjonsdugleik, økonomiske og sosiale forhold.
  • Administrerer to hovudstøtteordningar: Éin for elevar som tek vanleg vidaregåande opplæring, og éin for høgare utdanning og anna utdanning.
  • Har i alt cirka 910 000 kundar, av dei er 370 000 i utdanning og 540 000 er tilbakebetalarar.
  • Forvaltar meir enn 100 milliardar kroner.