Hanne vann mini-PC i førre eFaktura-konkurranse!

Sist oppdatert: 15.02.2011
– Tullar du? Har eg vunne? Så gøy! jublar Hanne Krog frå Prestfoss i Buskerud. Ho vann konkurransen som Lånekassen og Nets (tidlegare BBS - Bankenes BetalingsSentral AS) hadde før jul for å premiere kundar som valde å få eFaktura.

Mini-PCen kjem godt med i jobben min. Eg kan ha den i bilen når eg køyrer rundt til kundane, ivrar Hanne fornøgd. Hanne driv nemleg eit reinhaldsfirma og bruker bilen mykje i arbeidet.

På spørsmål om ho får brukt utdanninga si i jobben som leiar av firmaet, svarer ho kjapt ja! Eg har ein allsidig kombinasjon av ulike utdanningar ettersom eg tok reiselivsskolen først, så studerte eg litt bedriftsøkonomi, før eg til slutt vert hjelpepleiar. Denne kombinasjonen er matnyttig når eg driv mitt eige firma med alt det inneber av kontakt med kundar, marknadsføring og papirarbeid.

Valde eFaktura av dei praktiske grunnane

Eg valde eFaktura av dei ”vanlege gode grunnane”: det er enkelt, oversiktleg og lønnsamt i ein hektisk kvardag, avsluttar Hanne.

Om eFaktura

Får du rekninga på eFaktura, slepp du gebyret på 35 kroner kvar gong. Om lag halvparten (ca. 240 000) av alle som betaler studielånet, får rekninga på eFaktura.

Fordelar

  • Rekninga blir send rett til nettbanken din. Du må berre godkjenne betalinga før forfallsdato
  • Du sparer miljøet ved å unngå å frakte papirrekninga til postkassen din
  • Alle rekningane er samla på ein stad
  • Du får varsling frå banken når eFakturaen kjem

Les meir om eFaktura

Slik får du eFaktura

  1. Sei ja takk til eFaktura i nettbanken din når du betaler studielånet, eller gå til nettbanken og registrer ein eFaktura-avtale no.
  2. Du oppgir kundenummeret ditt i Lånekassen som eFaktura-referanse.
  3. Når du får eFakturaen i nettbanken, treng du berre å godkjenne betalinga før forfallsdato. 

Vil du betale studielånet ein gong i månaden?

Du har kanskje tenkt å dele opp beløpet og betale studielånet kvar månad? Du kan godt gjere det, sjølv om du vel eFaktura. Her finn du oppskrifta på korleis du betaler månadleg

Ny konkurranse er i gang!

Fram til og med 31. mars har Lånekassen og Nets ein ny konkurranse der du kan vinne ein mini-PC!