Framleis låg fastrente på studielånet

Sist oppdatert: 01.12.2011
Frå 1. desember er det igjen mogeleg å binde renta på studielånet til rentesatsar under tre prosent. Rentesatsane for både tre og fem års bindingstid er framleis lågare enn den flytande renta.

Fastrentesatsane vil frå 1. januar vere på 2,673 prosent for tre år, 2,967 prosent for fem år og 3,455 prosent for ti års bindingstid. Den flytanda renta på studielånet frå nyttår er på 3,065 prosent. Satsen for tre års fastrente er den same som ved forrige fastrentetilbod, medan fem og ti års fastrente går opp med knappe 0,1 prosentpoeng.

Studentar kan ikkje binde

105 000 kundar slo til på Lånekassen sitt rekordlåge fastrentetilbod i oktober. Mellom 1. og 12. desember har 330 000 tilbakebetalarar sjanse til å binde renta. I same perioden kan ein også avslutte tidlegare fastrenteavtalar.
– Studentar som får støtte frå Lånekassen, kan ikkje søkje om fastrente, påpeikar fungerande informasjonsdirektør i Lånekassen, Solbjørg Sørensen.

Søk om fastrente med MinID

Lånekassekundar kan søkje om fastrente på Dine sider på lanekassen.no. Ein loggar inn med MinID.  

– Kundar som vurderer å søkje om fastrente, bør skaffe seg MinID snarast. MinID er innlogginga mange kjenner frå levering av sjølvmeldinga og adresseendring til folkeregisteret, opplyser Sørensen.

Fastrenta som gjeld frå 1. mars, blir offentleggjord i byrjinga av februar. Neste sjanse til å binde renta eller avslutte ein fastrenteavtale er 1.–12. februar.

Les meir om rentesatsar og fastsetjinga av renta i Lånekassen