Forslag til statsbudsjett for 2012

Sist oppdatert: 06.10.2011
Forslag til endringar i reglar for studiestøtte for undervisningsåret 2012–2013.

Auke i støttesatsar 1,9 prosent

Alle støttesatsane er forslått auka med 1,9 prosent. Det betyr at studentar i høgare utdanning får kr 92 500 per år, eller 1700 kroner meir per år enn i dag.

Studentar som er forsørgd av barnevernet

Studentar som er forsørgd av barnevernet eller i ettervern og bur i fosterheim eller barnevernsinstitusjon, skal få rett til utdanningsstøtte etter dei same vilkåra som andre studentar som bur saman med foreldra sine. 

Stipend skal behovsprøvast mot kapitalinntekt

Utdannings-  og forsørgjarstipend skal nå også behovsprøvast mot kapitalinntekt. I dag skjer behovsprøvinga mot personinntekt, trygde- og pensjonsytingar og formue. Grensa for behovsprøving mot formue er foreslått auka med 15 prosent. Resultatet vil bli at noen fleire vil få stipend gjort til lån på grunn av inntekt, mens noen færre vil få omgjøring av stipend til lån på grunn av formue. 

Språkutdanning i Kina, Russland, Brasil og India

Det er foreslått ei forsøksordning der studentar kan få utdanningsstøtte til språkutdanning i utvalte land sjølv om utdanninga ikkje er på nivå med høgare utdanning i Noreg. Det er dei fire nemnte landa som er valt ut til forsøksordninga.

Vidaregåande i utlandet

Hordaland fylkeskommune og fem skoler i Frankrike
Møre og Romsdal fylkeskommune og ein skole i Skottland
Storhamar vidaregåande skole i Hedmark og tre skoler i Canada

Nye elevgrupper får rett til å ta vidaregåande opplæring i utlandet. Det gjeld elevar i samarbeidsprosjekt mellom

  • Hordaland fylkeskommune og fem skoler i Frankrike
  • Møre og Romsdal fylkeskommune og ein skole i Skottland
  • Storhamar vidaregåande skole i Hedmark og tre skoler i Canada 

Omgjering av lån til stipend etter bestått eksamen

Her er forslått noen presiseringar og justeringar av grunnlag for omgjering ved fagleg forseinking og kor langt tilbake i tid omgjeringa kan gjelde. Det skal være bustatus på tildelingstidspunktet, ikkje på eksamenstidspunktet som skal leggast til grunn for omgjering. Vidare skal åtteårsfristen for omgjering tilbake i tid, nå reknast frå det tidspunkt Lånekassen får melding om eksamensresultata frå søkaren.

Her kan du lese heile kapittelet om utdanningsfinansiering i forslaget til statsbudsjettet for 2012.