Den flytande studielånsrenta held seg stabilt låg på 2,575 prosent.
Dermed vil rentesatsen som gjeld frå 1. juli, vere den same som den er i dag.
– Medan fastrentesatsane gjekk litt opp frå sist periode, held altså den flytande renta seg uendra. Vi må tilbake til 1. kvartal i 2010 for å finne ei så låg flytande rente. Då var den på rekordlåge 2,5 prosent, seier Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.
Framleis låge fastrenter
Fastrentene som gjeld frå 1. mai, er 2,673 prosent for tre år, 2,967 prosent for fem år og 3,455 prosent for ti års bindingstid. Sjølv om fastrentene gjekk litt opp frå 1. mai, er dei framleis låge.
Nye fastrentesatsar som gjeld frå 1. juli, blir kunngjorde 1. juni. Kundar som ønskjer å binde renta eller bryte ein gjeldande fastrenteavtale, kan gjere det i perioden 1.–12. juni. Dei som ønskjer å søkje om fastrente, må gjere det elektronisk på Dine sider. Dei loggar inn med MinID, ei felles innlogging til offentlege tenester.
Blir fastsett seks gonger i året
Både fast og flytande studielånsrente blir fastsette seks gonger i året. Dei som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk ha flytande rente.185 300 av kundane i Lånekassen har fast rente, medan 376 500 har flytande rente.