Fleire får stipendkutt på grunn av høg formue

Sist oppdatert: 01.11.2011
35 400 studentar får gjort om heile eller ein del av stipendet til lån fordi dei hadde for høg inntekt, formue eller trygd i 2010. Det er omtrent like mange som året før.

Lånekassen innhentar likningsopplysningar frå skatteetaten og fastset det endelege stipendbeløpet til studentane etter dette. 22 100 studentar får redusert stipendet på grunn av inntekta, 7 400 på grunn av formuen og 7 000 på grunn av trygdeytingar i 2010.

– Dei siste åra har det vore ein trend at fleire studentar har formue over fribeløpet, medan færre får redusert stipendet på grunn av høg inntekt. Denne trenden held fram også i år, seier Solbjørg Sørensen, fungerande informasjonsdirektør i Lånekassen.

Studentane kjenner beløpsgrensene

I 2010 kunne studentar tene 136 061 kroner utan å få redusert stipendet. Formuegrensa var på 269 168 kroner.
– Dei aller fleste studentane har inntekt eller formue under fribeløpet og får derfor fullt stipend frå Lånekassen. Beløpsgrensene er kjende blant studentane, og dei fleste av dei som no får redusert stipendet, er førebudde på det, seier Sørensen.

Av totalt 246 600 studentar som fekk støtte frå Lånekassen i 2010, får no 14,3 prosent heile eller ein del av stipendet gjort om til lån. Denne delen har minka gradvis sidan 2007, då den var om lag 20 prosent.   

Del av søknadsbehandlinga

All støtte til høgare utdanning blir utbetalt som lån. 40 prosent av lånet blir gjort om til utdanningsstipend ved bestått eksamen. Stipendet til alle studentar blir behovsprøvd i ettertid mot inntekt, formue og trygd. Overstig inntekta eller formuen beløpsgrensa, blir heile eller ein del av stipendet gjort om til lån igjen.  

I 2011 er beløpsgrensene på 140 823 kroner for inntekt og 278 589 kroner for formue.

Fakta om studentane si inntekt og formue i 2010:

  • 22 100 studentar får redusert stipendet på grunn av inntekta, 4,5 prosent færre enn i fjor. 5 000 studentar tente meir enn 400 000 kroner. Studenten med høgast inntekt tente 3,8 millionar kroner.
  • 7 400 studentar får redusert stipendet på grunn av formuen, 25,5 prosent fleire enn året før. 600 studentar hadde meir enn 3 millionar kroner i formue. Studenten med høgast formue hadde 408,7 millionar kroner på bok.
  • 7 000 studentar får redusert stipend på grunn av trygda, omtrent like mange som året før.