Fastrentekundar betre betalarar av studielånet

Sist oppdatert: 01.04.2011
Lånekassekundar som vel fast rente, er jamt over sikrare betalarar enn kundar med flytande rente. Frå i dag vil mange igjen kunne binde renta på studielånet.

– Kundar med fast rente ser ut til å ha eit ryddigare forhold til Lånekassen enn kundar med flytande rente, fortel informasjonsdirektør i Lånekassen, Astrid Bugge Mjærum.

468 000 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente, 80 000 har fast rente.

Betre på alt 

Tal frå 2010 viser at fastrentekundar er betre betalarar på alle område enn kundar med flytande rente.

– Ved årsskiftet var sju prosent av Lånekassekundane med flytande rente under inkassomessig oppfølging, medan berre ein prosent av dei med fast rente var i same situasjon, seier Mjærum.

Også når det gjeld varsel om oppseiing, purringar og rentefritak, hadde kundar med flytande rente større betalingsproblem enn fastrentekundane.

Nye rentesatsar

Fastrentesatsane på studielån vil frå 1. mai vere 3,844 prosent for tre år, 4,232 prosent for fem år og 4,716 prosent for ti års bindingstid. Dette er ein liten oppgang frå førre periode på tre og fem års binding, medan fastrenta for ti år blir uendra.

– Kundar som  vil binde renta eller avslutte ein fastrenteavtale,  kan gjere det i perioden 1.-12. april, opplyser Mjærum.

Den flytande renta vil vere 3,162 prosent fram til 1. juli.

Fakta:

  • Ti prosent av kundane med flytande rente og fem prosent av dei med fast rente fekk varsel om oppseiing i 2010.
  • Blant kundane med flytande rente var det fire prosent som bad om rentefritak i fjor, medan to prosent av fastrentekundane bad om det same.
  • Delen av kundar med flytande rente som fekk betalingsutsetjing i 2010 var 18 prosent, medan det for kundar med fast rente var 14 prosent.
  • Sju prosent av kundane med flytande rente mislegheldt lånet i fjor. I same perioden var ein prosent av dei med fast rente under inkassomessig oppfølging.
  • Ein langt større del av kundane med flytande rente får purringar ved for sein betaling enn kundar med fast rente. Dette gjaldt for 20 prosent av dei med flytande rente og 13 prosent av kundane med fast rente i 2010.