Fastrenta i Lånekassen stig

Sist oppdatert: 30.03.2012
Fastrenta på studielånet går opp. Dei nye satsane, som gjeld frå 1. mai, er 2,673 prosent for tre år, 2,967 prosent for fem år og 3,455 prosent for ti års bindingstid.

–  Sjølv om fastrentene stig noko, er dei framleis svært låge, understrekar Solbjørg Sørensen, underdirektør i Lånekassen.

Tre og ti års fastrente aukar med nærmare 0,3 prosentpoeng, mens fastrenta for fem år aukar med nesten 0,4 prosentpoeng.

Flytande rente er 2,575 prosent. Etter at den flytande renta har vore høgare enn tre og fem års fastrente i eit halvt år, er den igjen lågare enn fastrenta.

Studentar kan ikkje binde

Dei som ønskjer å binde studielånsrenta, kan gjere det mellom 1. og 12. april. Dei som vil bryte ein fastrenteavtale, kan også gjere det i denne perioden.

– Studentar som får støtte frå Lånekassen, kan ikkje søkje om fastrente, seier Sørensen.

170 000 av Lånekassen sine kundar har fast rente, 392 000 har flytande rente.

Søk om fastrente med MinID

Kundane søkjer om fastrente på Dine sider på lanekassen.no. Dei loggar inn med MinID, ei felles innlogging til offentlege tenester, blant anna innlevering av sjølvmeldinga. 

– Dei som vurderer å søkje om fastrente, bør skaffe seg MinID snarast, opplyser Sørensen.

Både fast og flytande rente blir fastsette seks gonger i året. Dei som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk ha flytande rente.

Les meir om rentesatsar og fastsetjinga av renta i Lånekassen