Den flytande renta på studielånet held seg stabil

Sist oppdatert: 01.03.2011
Den flytande renta i Lånekassen forblir uendra. Renta vil dermed vere på 3,162 prosent også etter 1. mai.

– Vi ser at rentesatsen vil halde seg på same nivået i fire månader framover, frå 1. mars og ut juni, opplyser informasjonsdirektør Astrid Bugge Mjærum.

Av Lånekassen sine kundar har om lag 80 000 fast rente, medan 464 000 har flytande. Både den faste og den flytande renta blir fastsett seks gonger i året.

Ny fast rente 1. april

Den faste renta som gjeld frå 1. mai, vil bli offentleggjord i starten av april. Kundar som ønskjer å binde studielånsrenta, vil kunne gjere det i perioden 1.–12. april. Ein kan velje å binde renta for tre, fem eller ti år.

Binding av renta

Dei som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk behalde den flytande.

– Kundane kan sjølve velje om dei vil binde renta. Fordelen med fast rente er betre kontroll, ulempa er at du går glipp av eventuelle rentenedgangar, seier Mjærum.