Den faste renta på studielånet går ned igjen

Sist oppdatert: 29.06.2015
Lånekassekundar kan no binde studielånsrenta på 3,650 prosent for tre år, 3,941 prosent for fem år eller 4,426 prosent for ti år.

Dei nye fastrentesatsane gjeld frå 1. juli, og tilsvarer ein nedgang på nærmare 0,2 prosentpoeng for treårsrenta. Fem- og tiårsrenta går ned med nesten 0,3 prosentpoeng frå sist periode. Den flytande renta i Lånekassen vil frå 1. juli vere 3,260 prosent.

Søkjeperiode 1.-12. juni 

– Kundar som ønskjer å binde renta eller avslutte ein tidlegare inngått fastrenteavtale, vil kunne gjere det i perioden 1.-12. juni, opplyser Astrid Bugge Mjærum, informasjonsdirektør i Lånekassen.

Etter å ha avslutta ein fastrenteavtale, må ein vente i to månader før ein kan inngå ein ny avtale.

470 000 av Lånekassens kundar har flytande rente, medan 77 000 har fast rente.

Nye rentesatsar annakvar månad 

Både den flytande og den faste renta på studielånet blir fastsett seks gonger i året. Flytande rente som gjeld frå 1. september, blir fastsett 1. juli.

Lånekassa sine kundar kan søkje om fast rente eller avslutte tidlegare fastrenteavtalar på Dine sider.