Den faste renta på studielån stig

Sist oppdatert: 01.02.2011
Den faste renta i Lånekassen er på veg opp. Frå 1. mars vil fastrentesatsane på studielånet stige til 3,650 prosent for tre år, 4,038 prosent for fem år og 4,716 prosent for ti års bindingstid.

Den flytande studielånsrenta blir på 3,162 prosent frå det same tidspunktet.

Søkjeperiode 1.–12. februar

I perioden 1.-12. februar har kundar i Lånekassen sjansen til anten å inngå nye eller avslutte gamle fastrenteavtalar.

– Etter å ha avslutta ein fastrenteavtale må kunden vente i to månader før han kan inngå ein ny, opplyser Astrid Bugge Mjærum, informasjonsdirektør i Lånekassen. Det har hittil vore få som har ønskt å gå ut av ein fastrenteavtale. Sidan ordninga blei innført, har det vore rundt 750 som har gått ut av avtalen sin.

Ny ordning for fastrentekundar som søkjer om ny støtte til å studere

Låntakarar med fast rente som søkjer om ny støtte til utdanning i avtaleperioden, vil få rekna ut over- eller underkurs på studielånet.

– Dette er ei ny ordning, og vi vil informere om denne konsekvensen til alle som inngår ein fastrenteavtale, seier Mjærum.

Nye rentesatsar annankvar månad

Både den flytande og den faste renta på studielånet blir fastsett seks gonger i året. Flytande rente som gjeld frå 1. mai, vil bli fastsett i byrjinga av mars, medan fast rente som gjeld frå 1. mai, vil bli offentleggjord i byrjinga av april.