Brukarundersøking frå Lånekassen

Sist oppdatert: 07.10.2011
Synovate gjennomfører ei stor brukarundersøking for Lånekassen. Eit utval av kundane og samarbeidspartnarane våre får undersøkinga på e-post i desse dagane.

Lånekassen vil at kundane og samarbeidspartnarane våre skal vere fornøgde med det vi tilbyr av tenester, informasjon og sørvis. For at vi skal bli best mogeleg, er vi avhengige av erfaringane og meiningane deira.

Omtrent kvart tredje år gjennomfører vi ei slik brukarundersøking. Undersøkingane gir oss viktig kunnskap om kva forventningar som blir stilte, og kva område som krev forbetring og utvikling. Årets undersøking går ut til kundar, studentorganisasjonar, politikarar, journalistar, tilsette på lærestadene og foreldre som har barn i vidaregåande opplæring. Alle kundar som deltek i undersøkinga, blir med i trekninga av universalgåvekort på 1000 kroner. Vi ser fram til å få resultat og analysar i november/desember i år.

Takk til alle som tek seg tid til å svare på undersøkinga.