Støtte til bachelorutdanning i Brasil, Russland, India og Kina

Sist oppdatert: 01.07.2015
Frå og med undervisningsåret 2012–2013 blir det mulig å få stipend og lån også til det første året av bachelorutdanninga ved utdanningsinstitusjonar av høg kvalitet i Brasil, Russland, India og Kina (BRIK). Kvalitetskriteriet er plassering på internasjonalt anerkjende rankinglister.

Kunnskapsdepartementet har bestemt at følgjande internasjonalt anerkjende rankinglister skal leggast til grunn for utvalet av lærestader som gir rett til støtte til heile bachelorutdanninga i BRIK-landa:

  • Times Higher Education (THE)
  • Academic Ranking of World Universities (ARWU)
  • QS World University Rankings (Quacquarelli Symonds)

Rankinglistene over skal brukast i sin heile. Alle lærestader frå BRIK-landa som er på den siste utgåva av kvar rankingliste, gir rett til støtte til det første året av bachelorutdanninga.