4 000 batt renta

Sist oppdatert: 13.12.2011
Omtrent 4 000 kundar valde å binde renta på studielånet denne gongen. Fristen for å binde gjekk ut 12. desember kl. 24.

Medan meir enn 105 000 kundar slo til på Lånekassens rekordlåge fastrentetilbod i oktober, var det berre omtrent 4 000 kundar som valde å binde mellom 1. og 12. desember. Omtrent halvparten valde fem års fastrente, 35 prosent ønskte å binde for tre år, medan 15 prosent batt for ti år.

Fastrentesatsane vil frå 1. januar vere 2,673 prosent for tre år, 2,967 prosent for fem år og 3,455 prosent for ti års bindingstid. Den flytande renta på studielånet frå nyttår er 3,065 prosent.