170 000 elevar i vidaregåande kan søkje om stipend

Sist oppdatert: 30.06.2016
Elevar i vidaregåande som har fått skoleplass, kan no søkje om stipend frå Lånekassen.

Lånekassen har fleire ulike støtteordningar for elevar i vidaregåande, men alle har rett til eit utstyrsstipend. Når elevane søkjer om dette, vurderer Lånekassen om dei har rett til andre stipend også.

Digital postkasse er raskare og billigare

Elevar under 18 år må ha signatur frå éin av foreldra for å få utbetalt stipendet. Frå i år kan signeringa skje digitalt. Foreldre som har digital postkasse, Digipost eller e-Boks, får svar på søknaden om stipend og signerer avtalen om støtte digitalt.

– Dersom foreldra opprettar digital postkasse før eleven søkjer om stipend, kan dei signere for stipendet med BankID. Det er både raskare og billigare, seier Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Digital postkasse opprettar du enkelt på Noreg.no.

Ver sikker før du sender inn søknaden

Elevar som står på venteliste, eller er usikre på om dei skal byte skole eller program, bør vente med å søkje om stipend til dei er sikre.

– Då slepp dei å søkje på nytt når dei har bestemt seg, påpeikar Herstad.

Elevane søkjer på www.lanekassen.no.

Les meir om stipend og lån til vidaregåande opplæring her.