15. november er siste frist for å søkje om støtte

Sist oppdatert: 14.11.2014
Studentar og elevar som skal søkje om stipend og lån frå Lånekassen for hausten 2014, må søkje seinast 15. november.

– Søkjer du etter fristen, går du glipp av støtte for haustsemesteret, seier Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Elevar og studentar som har søkt om støtte for heile året, skal ikkje søkje på nytt. Men har det skjedd endringar, må du melde frå til Lånekassen om det. Fristen for å melde frå om endringar er også 15. november.

Meld frå om endringar

Studentar som for eksempel har avbrote utdanninga, bytt lærestad, stroke til eksamen eller flytta, må melde frå til Lånekassen om det. Slike endringar kan føre til at ein har rett til meir eller mindre pengar frå Lånekassen. For eksempel kan ein student som har flytta på hybel i løpet av semesteret, ha rett  til utdanningsstipend.

– Studentar som har flytta for seg sjølve, må melde frå til Lånekassen seinast 15. november for å kunne ha rett til omgjering av lån til stipend, seier Herstad.

Studentar kan få 48 925 kroner som basisstøtte for dette haustsemesteret. Heile beløpet blir utbetalt som lån, men dei som bur borte frå foreldra, kan få 19 570 kroner gjort om til stipend etter bestått eksamen, dersom dei ikkje har hatt inntekt eller formue over fribeløpa.

Den enklaste måten å melde frå om endringar på, er å sende ein e-post frå Dine sider på lanekassen.no.

Utstyrsstipend til alle

Også elevar i vidaregåande opplæring må passe på fristen 15. november. Alle med rett til vidaregåande opplæring kan få utstyrsstipend, men dei må søkje om det. Lånekassen sjekkar automatisk om dei har rett til andre stipend også.

Du søkjer om stipend og lån på Dine sider på lanekassen.no.