15. mars er siste frist for å søkje om stipend og lån

Sist oppdatert: 11.03.2016
Studentar og elevar som skal søkje om stipend og lån frå Lånekassen for våren 2016, må søkje seinast 15. mars.

– Søkjer du etter fristen, går du glipp av støtte for vårsemesteret, seier Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Elevar og studentar som har søkt om støtte for heile året, skal ikkje søkje på nytt. Men har det skjedd endringar, må du melde frå til Lånekassen om det.  

Du kan ikkje søkje om stipend og lån for undervisningsåret 2016–2017 enno.

Meld frå om endringar frå Dine sider

Studentar som for eksempel har flytta heimanfrå, har auka studiebelastninga eller har fått barn i løpet av utdanningsåret, må melde frå til Lånekassen om det seinast 15. mars. Slike endringar kan føre til at ein har rett til meir pengar frå Lånekassen. For eksempel kan ein student som har flytta på hybel i løpet av semesteret, ha rett til utdanningsstipend.

– Studentar som har flytta for seg sjølve, må melde frå til Lånekassen seinast 15. mars for å ha rett til omgjering av lån til utdanningsstipend, seier Herstad.

Studentar kan få 50 460 kroner som basisstøtte for dette vårsemesteret. Heile beløpet blir utbetalt som lån, men studentar som bur borte frå foreldra, kan få 20 184 kroner gjort om til utdanningsstipend etter bestått eksamen, dersom dei ikkje har hatt inntekt eller formue over fribeløpa.
Den enklaste måten å melde frå om endringar på, er å sende ein e-post frå postkassen på Dine sider på lanekassen.no.

Utstyrsstipend til alle

Også elevar i vidaregåande opplæring må passe på fristen 15. mars. Alle med rett til vidaregåande opplæring kan få utstyrsstipend, men dei må søkje om det. Lånekassen sjekkar automatisk om dei har rett til andre stipend også.

Du søkjer om stipend og lån på lanekassen.no.