1 av 6 studentar har inntekt eller formue som er høgare enn fribeløpet i Lånekassen

Sist oppdatert: 25.04.2016
Lånekassen har gjennomført omgjeringa frå lån til stipend for studentar. 42 700 studentar får ikkje fullt utdanningsstipend fordi dei har hatt inntekt, trygd eller formue som er høgare enn fribeløpet i 2013.

Det tilsvarer cirka ein av seks av dei 266 400 studentane Lånekassen innhenta likningsopplysningar for.

– 28 700 studentar får redusert utdanningsstipend på grunn av inntekt over fribeløpet, 8 300 på grunn av formue over beløpsgrensa og 6 200 på grunn av trygdeytingar over beløpsgrensa i 2013, seier Liv Simonsen, fagdirektør i Lånekassen.

Nytt tidspunkt for omgjering

Basisstøtta til studentar i høgare og anna utdanning blir utbetalt som lån, men inntil 40 prosent av beløpet kan bli gjort om til utdanningsstipend etter bestått eksamen, dersom studenten har vore bortebuar og inntekta og formuen ikkje har vore høgare enn dei fastsette beløpsgrensene (fribeløpa).

– Lånekassen innhentar likningsopplysningar frå skatteetaten for alle studentar som får støtte, og som bur borte. Alle fulltidsstudentar får like mykje utbetalt i basisstøtte. Det er ikkje slik at dei med inntekt og formue over fribeløpa får mindre pengar, men dei får ein mindre del av lånet omgjort til stipend, påpeikar Liv Simonsen.

Til og med 2012 fekk studantene omgjering frå lån til stipend etter kvart som eksamen blei bestått, for så eventuelt å få gjort om heile eller delar av stipendet til lån igjen på grunn av inntekt, trygd eller formue over fribeløpet. Frå og med 2013 skjer behovsprøving mot likningsopplysningar og omgjering frå lån til utdanningsstipend for beståtte eksamenar i éin omgang.

– Studentane kjenner beløpsgrensene

I 2013 kunne studentar som fekk støtte frå Lånekassen heile året, ha 151 216 kroner i person- og kapitalinntekt og likevel få fullt utdanningsstipend. Fribeløpet for formue i 2013 var på 344 021 kroner.

– Studentar flest kjenner beløpsgrensene, og vi trur dei som ikkje får fullt utdanningsstipend fordi dei har hatt for høg inntekt eller formue, er klar over at dei har overstige fribeløpa. Dei som ønskjer å jobbe meir enn fribeløpet gir rom for, kan sjølvsagt gjere det – det har ingen annan konsekvens enn at dei får ein mindre del av lånet omgjort til stipend, seier Simonsen.

Redusert forsørgjarstipend

I tillegg til utdanningsstipendet blir forsørgjarstipend til studentar med barn og ekstrastipend til studentar med nedsett funksjonsevne behovsprøvd. 14 700 studentar har fått redusert forsørgjarstipend eller redusert ekstrastipend på grunn av inntekt, trygd eller formue over fribeløpa i 2013.

Totalt fekk 48 500 studentar redusert stipend (utdanningsstipend, forsørgjarstipend og/eller ekstrastipend til studentar med nedsett funksjonsevne) på grunn av inntekt, formue eller trygd over fribeløpet i 2013.

Fakta om inntekt og formue for studentane:

  • Basisstøtta til studentar i høgare utdanning blir utbetalt som lån. Studentar som bur borte, kan få inntil 40 prosent av lånet gjort om til utdanningsstipend, dersom dei har bestått eksamen / fullført utdanning og inntekt/formue/trygd ikkje har overstige beløpsgrensene i Lånekassen. Omgjeringa skjer etter at Lånekassen har fått likningsopplysningar frå skatteetaten, til vanleg om hausten året etter at studenten besto eksamen eller fullførte utdanninga. Studentar som bur saman med foreldra sine, har ikkje rett på utdanningsstipend.
  • I tillegg til utdanningsstipendet kan også forsørgjarstipend og ekstrastipend til studentar med nedsett funksjonsevne bli redusert på grunn av inntekt, formue eller trygd. Forsørgjarstipendet blir i tillegg behovsprøvd mot inntekta til ektefellen. Frå våren 2013 blir stipenda behovsprøvde i denne rekkjefølgja: ekstrastipend til studentar med nedsett funksjonsevne, forsørgjarstipend og utdanningsstipend. Totalt fekk 48 500 studentar redusert stipend (utdanningsstipend, forsørgjarstipend og/eller ekstrastipend til studentar med nedsett funksjonsevne) på grunn av inntekt, formue eller trygd over fribeløpet i 2013.
  • Stipendet blir redusert med fem prosent per månad av inntekt over beløpsgrensa. Stipendet blir redusert med to prosent per månad av den delen av formuen som er over grensene for einsleg søkjar, og éin prosent per månad av den delen av formuen som er over grensene for gift søkjar / sambuar med felles barn.
  • 11 600 studentar tente over 400 000 kroner i 2013. Studenten med høgast inntekt tente 5,8 millionar kroner. 800 studentar hadde meir enn 3 millionar kroner i formue i 2013. Studenten med høgast formue hadde 1,17 milliardar kroner.
  • I 2015 er fribeløpet for person- og kapitalinntekt 162 769 kroner når det er gitt støtte for heile kalenderåret, og 406 923 kroner ved støtte i sju månader eller mindre i kalenderåret. Formuesgrensa er på 370 304 kroner for einslege studentar, og for gifte eller sambuarar med felles barn er formuesgrensa 711 200 kroner.

Les meir om inntekt og formue på lanekassen.no