eFaktura gjer det meir lettvint for meg å betale rekningar

Sist oppdatert: 09.02.2012
Hans Roger Tømmervold, busett i Stavanger, vann eit nettbrett då han blei trekt ut mellom dei som blei nye eFaktura-brukarar i Lånekassen før nyttår.

For Hans Roger var det to årsaker til at han valde eFaktura:

– Det gjer det meir lettvint for meg å betale rekningar, og eg slepp gebyret eg elles ville fått.

Hans Roger, som har teke masterstudiet i idrettsvitskap ved NTNU, bruker også eFaktura for andre rekningar. Det er heller ikkje berre eFaktura han har valt av elektroniske løysingar med Lånekassen:  

– Så vidt eg veit, får eg det eg kan få elektronisk frå Lånekassen, og det er vel det aller meste.

Tonje slår i hel mytar om eFaktura

Tonje Taylor, ansvarleg for eFaktura-kampanjen i Lånekassen, ønskjer å slå i hel nokre mytar om eFaktura.

– Eg kan betale kvar månad sjølv om eg vel  eFaktura.

Sant – Ja, du kan bruke eFaktura sjølv om du ønskjer å betale på lånet ditt kvar månad. Slik gjer du det

– Eg kjem til å miste kontrollen dersom eg vel eFaktura.

Myte – Nei, du misser ikkje kontrollen over studielånet ditt sjølv om du ikkje får rekninga på papir. Du kan velje å bli varsla om ny eFaktura på e-post. I nettbanken finn du alltid oversikt over ubetalte eFakturaer, med detaljar om rekningane. Beløpet blir ikkje trekt frå kontoen din utan at du aktivt vel det. Du kan også endre både beløp og dato for å betale.

– eFaktura og AvtaleGiro er det same.

Myte – Nei, eFaktura er ikkje det same som AvtaleGiro/Autogiro. eFaktura er ei varslingsteneste om at du har fått ei rekning i nettbanken din, medan AvtaleGiro er ei betalingsteneste som trekkjer beløpet automatisk. Med eFaktura må du sjølv aktivt gå inn i nettbanken og betale rekninga. Du har dermed full kontroll over beløpet og tidspunktet for når rekninga skal betalast. Lånekassen tilbyr ikkje AvtaleGiro.

– Eg kan bestille eFaktura for sambuaren min, sidan vi betaler studielåna våre frå hans konto.

Myte – Nei, du kan ikkje bestille eFaktura for andre enn deg sjølv. Bankkontoen du bestiller frå, må vere registrert på fødselsnummeret ditt. Dette kjem av at det står sensitive  opplysningar på rekninga.

– Eg kan endre beløp og forfallsdato med eFaktura.

Sant – Ja, du kan endre beløp og forfallsdato dersom du har behov for det.

– Lånekassen gir meg eFaktura automatisk når eg skal begynne å betale tilbake studielånet mitt.

Myte –  Nei, du må sjølv bestille eFaktura for studielånet ditt. Det gjer du enkelt på Dine sider eller i nettbanken din.

Les meir om eFaktura her.