– Sjølvsagt vel eg eFaktura!

Sist oppdatert: 01.07.2015
Clare Tompset, frå Bergen, vant eFaktura-konkurransen Lånekassen hadde saman med Nets før sommaren. Vi trakk éin vinner blant dei som svarte riktig på spørsmåla i konkurransen og fikk varslinga for forfallet 15. august på eFaktura.

For Clare var valet om å bruke eFaktura ei sjølvfølgje. – Eg har nettopp begynt å betale tilbake studielånet. Sida eg bruker det til dei andre rekningane mine var det ei sjølvfølgje å bruke eFaktura til studielånet. Eg synes det er mykje enklare å holde orden med eFaktura ennf å forholda meg til papirfakturaer.

Clare kjem frå Brighton i England og har nettopp starta som stipendiat ved Universitetet i Bergen. Der har hun fått eit stipendiat dei neste fire åra i geografi.

Bli med på den nye konkurransen!

Tonje slår i hel mytar om eFaktura

Tonje Taylor, ansvarleg for eFaktura-kampanjen i Lånekassen ønskjer å slå i hel nokre mytar om eFaktura.

Eg kan betale kvar månad sjølv om eg vel  eFaktura.

Sanning. – Ja, du kan bruke eFaktura sjølv om du ønskjer å betale på lånet ditt kvar månad. Slik gjer du det.

Eg kjem til å miste kontrollen dersom eg vel eFaktura.

Myte. – Nei, du mistar ikkje kontrollen over studielånet ditt sjølv om du ikkje får rekninga på papir. Du kan velje å bli varsla om ny eFaktura på e-post. I nettbanken finn du alltid oversikta over ubetalte eFakturaer, med detaljer om rekningane. Beløpet blir ikkje trekt frå kontoen din utan at du aktivt vel det. Du kan også endre både beløp og dato for å betale.

eFaktura og AvtaleGiro er det same.

Myte. – Nei, eFaktura er ikkje det same som AvtaleGiro/Autogiro. eFaktura er ei varslingsteneste om at du har fått ei rekning i nettbanken din, mens AvtaleGiro er en betalingsteneste som trekkjer beløpet automatisk. Med eFaktura må du sjølv aktivt gå inn i nettbanken og betale rekninga. Du har dermed full kontroll over beløpet og tidspunktet for når rekninga skal betalast. Lånekassen tilbyr ikkje Avtalegiro.

– Eg kan bestille eFaktura for sambuaren min sidan vi betaler studielåna våre frå hans konto.

Myte. – Nei, du kan ikkje bestille eFaktura for andre enn deg sjølv. Bankkontoen du bestiller frå må være registrert på fødselsnummeret ditt. Dette skyldes at det står taushetsbelagte opplysningar på rekninga.

Eg kan endre beløp og forfallsdato med eFaktura.

Sanning. – Ja, du kan endre beløp og forfallsdato viss du har behov for det.

Lånekassen gir meg eFaktura automatisk når eg skal begynne å betale tilbake studielånet mitt.

Myte. Nei, du må sjølv bestille eFaktura for studielånsrekninga di. Det gjer du enkelt på Dine sider eller i nettbanken din. Slik gjer du det:

Slik bestiller du eFaktura på Dine sider:

  1. Velg lenka under.
  2. Logg inn på Dine sider.
  3. Velg lenka for å bestille eFaktura.
  4. Logg inn med BankID.
  5. Neste rekning kjem som eFaktura i nettbanken din.

Gå til tenesta for å bestille eFaktura på Dine sider.

Slik bestiller du eFaktura frå nettbanken din:

  1. Gå inn i nettbanken din.
  2. Registrer kundenummeret ditt som eFakturareferanse.
  3. Neste rekning vil då kome som eFaktura i nettbanken.