Uendra flytande rente

Sist oppdatert: 10.11.2020
Den flytande renta i Lånekassen fortset å halde seg på rekordlåge 1,391 prosent.

Dagens flytande rente er på 1,391 prosent, og det vil den også vere i januar og februar. Dette er den lågaste renta i Lånekassens historie.

Fastrentene som gjeld frå 1. januar blir offentleggjort 10. desember. 

636 100 av Lånekassens kundar har flytande rente på studielånet, medan 44 700 har fast rente.

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett og følg renteutviklinga her.