Student til hausten? Søk om lån og stipend no

Sist oppdatert: 09.06.2020
Studentar i Noreg og utlandet som har fått studieplass, kan no søke om lån og stipend frå Lånekassen. – Søk no, og du har pengane til studiestart, seier Nina Schanke Funnemark, administrerande direktør i Lånekassen.

På Lånekassen sine nettsider kan du sjekke kor mykje du kan få i lån og stipend. Du søker frå Dine sider på lanekassen.no. Før du kan søke, må du ha bekrefta studieplass.

Elevar i vidaregåande opplæring kan ikkje søke no. Dei må vente til dei har fått opptak i juli og takka ja til skoleplass.

Nina Schanke Funnemark_pressebilde

Nina Schanke Funnemark, administrerande direktør i Lånekassen
Foto: Hege Aas / Lånekassen

Pengar til studiestart

– Dei aller fleste søknader blir behandla automatisk og i løpet av eitt døgn, men meir kompliserte saker tar lengre tid. Vårt tips er å søke så tidleg som mogleg, og søker du allereie no, har du pengar til studiestart, seier Nina Schanke Funnemark, administrerande direktør i Lånekassen.

Studentar kan få 123 519 kroner i basislån studieåret 2020–2021. Inntil 40 prosent av dette lånet kan bli gjort om til stipend om du ikkje bur saman med foreldra dine, har inntekt og formue under de fastsette beløpsgrensene og består utdanninga din. I tillegg kan du ha rett på andre typar lån og stipend frå Lånekassen.

Utbetaling i august

For studentar i Noreg blir utbetalt som lån og stipend for neste studieår tidlegast i august, avhengig av når du søker. Før pengane kan utbetalast, må følgande vere i boks:

  • Du må ha studieplass.
  • Du må signere avtalen om stipend og/eller lån.
  • Du må ha gyldig kontonummer.

Studentar i utlandet

Mange norske utanlandsstudentar og utvekslingselevar måtte reise heim til Noreg på grunn av koronasituasjonen. Vanlegvis krev Lånekassen at ein oppheld seg fysisk på skolen i utlandet for å få lån og stipend. Førre veke kunne Kunnskapsdepartementet fortelje at utanlandsstudentar og utvekslingselevar på vidaregåande som må starte studieåret med å bo heime hos foreldra på grunn av koronapandemien, likevel vil ha rett til lån og stipend frå Lånekassen. Retten til lån og stipend hausten 2020 vil være uavhengig av om ein reiser til studiestaden eller skole allereie ved semesterstart.

Sjå lanekassen.no for meir om utbetaling til studentar i utlandet.

Fleire moglegheiter for vaksne frå hausten

Lånekassen har tradisjonelt vore best tilpassa den yngre heiltidsstudenten, men frå hausten kjem nye ordningar som gjer det lettare for vaksne å ta utdanning finansiert av Lånekassen:

• Det blir betre vilkår for dei som vil studere deltid, noko som vil gjere det lettare å studere ved sidan av jobb.

• Det blir betre ordningar for dei som er over 45 år – du kan no få fullt lån til du er 50 (mot 45 år tidlegare), og redusert støtte etter det. Samtidig blir aldersgrensa for når lånet må være tilbakebetalt heva frå 65 til 70 år.

• Er du over 30 år, kan du få eit ekstra lån. Det same gjeld for dei over 18 år som har barn under 16 år.

Vaksne har også rett til basislån og andre typar lån og stipend. Regelen om at ein kan få utdanningsstøtte i samla sett åtte år, gjeld alle studentar uansett alder.

Nye ordningar for vaksne er viktige tiltak for å mogleggjere livslang læring og legge til rette for å fylle på med kompetanse gjennom hele livet:

– Det som passar for ein yngre student utan større økonomiske plikter, passer ikkje nødvendigvis for vaksne med familie og bustadlån. Med dei nye ordningane får denne gruppa betre moglegheiter til å finansiere utdanning gjennom Lånekassen. Dei nye tiltaka vil samla sett gjere Lånekassen betre tilpassa framtidas arbeidsmarknad og behovet for livslang læring, seier Funnemark.

Sjå lanekassen.no her for alle regelendringane som gjeld for utdanningsstøtte frå hausten.