Stor rentenedgang i Lånekassen

Sist oppdatert: 10.06.2020
Fastrentene i Lånekassen blir vesentleg lågare frå 1. juli. Mest går treårsrenta ned, samtidig som fem- og tiårsrenta blir rekordlåge.

Fastrentene på studielånet frå 1. juli blir:

  • 3 år: 1,628 % (ned frå 2,354 %)
  • 5 år: 1,736 % (ned frå 2,403 %)
  • 10 år: 2,002 % (ned frå 2,501 %)

Tre, fem og ti års fastrente går ned med høvesvis 0,726, 0,667 og 0,499 prosentpoeng.

Renta i Lånekassen blir berekna ut frå eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda på bustadlån i marknaden. Fastrentene som gjeld frå 1. juli, er basert på marknadsrenta i mai.

Nina Schanke Funnemark bilde
Nina Schanke Funnemark, administrerande direktør i Lånekassen  
Foto: Hege Aas / Lånekassen

Forventa vesentleg nedgang

– Vi forventa ein vesentleg nedgang no sidan fleire bankar som følge av koronasituasjonen sette ned rentene på bustadlån i slutten av mars, og våre renter – som er marknadsbaserte – blir justert noko seinare enn bankane. Treårsrenta går ned med over 0,7 prosentpoeng, og fem- og tiårsrenta har aldri vore lågare, seier , administrerande direktør i Lånekassen.

Observasjonsperioden for flytande rente er to månader, med to månaders opphald før renta trer i kraft. For fast rente er observasjonsperioden på éin månad, med éin månads opphald før verkedato.

Flytande rente som gjeld frå 1. juli er 2,159 %. Denne renta er basert på rentene på bustadlån slik dei var gjennom mars og april, og reflekterer ikkje fullt ut dagens marknadsrente, i og med at det var i slutten av mars at bankane sette ned rentene. Neste flytande rente, som vil gjelde frå 1. september, vil vere basert på bustadlånrentene i mai og juni.

Ni av ti har flytande rente

Kundar som ønsker å binde renta frå 1. juli, kan gjere det mellom 10. og 17. juni. Dei som skal søke fastrente, gjer det på Dine sider på lanekassen.no.

Både fast og flytande rente blir fastsett seks gonger i året. Kundar som ikkje aktivt søker om fast rente, vil automatisk ha flytande rente.

669 400 av Lånekassens kundar har flytande rente på studielånet sitt, medan 37 900 har fast rente.

Les meir: