Stabilt låge fastrenter i Lånekassen

Sist oppdatert: 11.06.2019
Fastrentene i Lånekassen vil frå 1. juli vere 2,521 prosent for tre års bindingstid, 2,765 for fem år og 3,173 for ti år. Treårsrenta går litt opp, medan fem- og tiårsrenta går minimalt ned.

Treårsrenta aukar med 0,059 prosentpoeng, medan fem- og tiårssatsen går ned med høvesvis 0,019 og 0,068 prosentpoeng, samanlikna med i dag. Frå 1. juli vil alle fastrentene vere høgare enn den flytande studielånsrenta, som vil vere 2,198 prosent.

Binde eller ikkje?

– Om ein skal binde renta eller ikkje, er ei avgjersle den enkelte må ta. Er du i ein livssituasjon der økonomisk føreseielegheit er viktig, kan det å binde renta vere trygt, seier administrerande direktør i Lånekassen, Nina Schanke Funnemark.

Om det løner seg å binde renta eller ikkje, veit ein ikkje før bindingsperioden er over. Lånekassen har sett på dei fastrenteavtalane som snart går ut:

  • Dei som hadde bunde renta for tre år på 1,5 prosent frå 1.9.2016, har i gjennomsnitt hatt 0,5 prosentpoeng lågare rente enn den flytande i perioden. Desse kundane har dermed spart pengar på å ha fast rente.
  • Dei som hadde bunde renta for fem år på 2,7 prosent frå 1.9.2014, har hatt ei rente som i gjennomsnitt låg 0,5 prosentpoeng over den flytande. Desse kundane har tapt på å ha fast rente.
  • Dei som 1.7.2009 batt renta på 5 prosent for ti år, har i gjennomsnitt hatt 2,5 prosentpoeng høgare rente enn den flytande renta i same periode. Desse kundane har tapt på å ha fast rente.

Slik søkjer du om fast rente

Kundar som ønskjer å binde renta frå 1. juli, kan gjere det i perioden 10.–17. juni. Dei søkjer om fast rente på Dine sider. Både fast og flytande rente blir fastsett seks gonger i året. Kundar som ikkje aktivt søkjer om fast rente, får automatisk flytande rente.

640 300 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, og 49 000 har fast rente.

Rentene i Lånekassen er marknadsstyrt og blir fastsett på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden.