Siste frist for å søkje om stipend og lån

Sist oppdatert: 14.11.2018
Studentar og elevar som skal søkje om stipend og lån frå Lånekassen for hausten 2018, må søkje seinast torsdag 15. november.

– Søkjer du etter fristen, går du glipp av støtte for dette haustsemesteret, seier Nina Schanke Funnemark, direktør i Lånekassen.

15. november er søknadsfristen, både for studentar i høgare og annan utdanning og elevar i vidaregåande opplæring.  Fristen for å melde endringar, for eksempel dersom du avbryt utdanninga eller byter lærestad, er før støtteperioden er avslutta.

Kvart år søkjer over 260 000 studentar om støtte til utdanning i både Noreg og utlandet. For skoleåret 2017-2018 delte Lånekassen ut meir enn 27 milliardar kroner i utdanningsstøtte til studentar. Same skoleår søkte 170 000 elevar om utdanningsstøtte, og meir enn to milliardar kroner blei gitt til elevar i vidaregåande opplæring.

Alle elevar kan få utstyrsstipend 

Alle elevar i vidaregåande har rett til utstyrsstipend frå Lånekassen, så lenge dei har ungdomsrett. Utstyrsstipendet skal bidra til å dekkje nødvendig utstyr, som for eksempel musikkinstrument, kokkekle eller PC. Elevane får 1 032 kroner, 2 285 kroner eller 3 818 kroner i utstyrsstipend, avhengig av kva utdanningsprogram dei tek.

I fjor var det 13 700 elevar som ikkje søkte om utstyrsstipend, sjølv om alle unge med rett til vidaregåande opplæring kan få utstyrsstipend, dersom dei søkjer om det.

– Vi oppfordrar dei som enno ikkje har søkt, til å søkje, held Funnemark fram. 

Kan også få andre stipend

Lånekassen sjekkar automatisk om eleven også har rett til andre typar stipend, som grunnstipend og bustipend, når dei søkjer om utstyrsstipend

Lærlingar har ikkje rett til utstyrsstipend, men kan ha rett til andre stipend og lån. Søknadsfristen for lærlingar er 30. juni 2019, eller når kontrakten blir avslutta, dersom det skjer tidlegare.

Du søkjer om stipend og lån på lanekassen.no