No er Lånekassen i skya

Sist oppdatert: 04.06.2020
Lånekassen har no flytta alle sine IT-system over i ei offentleg sky. Studielån i skya vil gi fleire moglegheiter til innovasjon, effektivisering og vidareutvikling av tenester.

I himmelfartshelga blei ein viktig milepåle nådd i Lånekassen: Då gjekk heile Lånekassen opp i sky. Heretter blir verksemda som har ansvar for 1,1 million kundar og ei utlånsportefølje på 200 milliardar kroner, drifta frå Microsoft-skyplattforma Azure. Lånekassen er ei av dei første offentlege verksemdene som flytter heile, og ikkje berre delar av, kjerneløysningane ut i skya.

Heidi Brunborg foto breddeformat

Opp i sky: Lånekassen og IT-direktør Heidi Brunborg er ei av dei første offentlege verksemdene som flytter heile, og ikkje berre delar av, kjerneløysningane ut i skya. Foto: Hege Aas/Lånekassen

– Vi har lenge hatt fokus på bruk av ny teknologi for å forvalte studiestøtteordningane på best mogleg måte. Ved å vere på skyplattform, vil vi få enda fleire moglegheiter til innovasjon, effektivisering og vidareutvikling av tenester. Dette vil igjen vere til det beste for både kundane og dei tilsette, seier Heidi Brunborg, IT-direktør i Lånekassen.

Overgang til sky vil legge til rette for innovasjon, økt grad av sikkerheit, effektivisering, fleksibilitet og skalerbarheit.

Eit femårig løp

Det er fem år sidan målsettinga om transformasjonen til sky kom på agendaen for første gang i Lånekassen. Sidan då har fleire og fleire av tenestene blitt flytta til sky, ein prosess som no blei avslutta med å ta heile kjernesystemet opp i skyplattforma Microsoft Azure. Kjernesystemet omfattar alle sentrale forretningsprosessar i Lånekassen, som behandling av lånesøknader samt utbetaling og innbetaling av lån.

Alt frå Lånekassens interne samhandlingsplattform til saksbehandlingssystem og automatiserte kundeprosessar har plass i og skjer via skyplattforma.

– No har vi vore ei vekes tid i skya, og den største gleda så langt er å sjå kor transparent og god innsikt vi no har tilgang til, frå minste detalj til eit overordna bilete. Utviklarane våre har moglegheit til å skaffe seg ein oversikt over detaljar og samanhengar dei tidlegare ikkje hadde innsikt i, og plattforma gir oss rapportar med automatiske råd om tilpassingar knytt til både kostnader, sikkerheit og kapasitet, seier Brunborg.

– Ei spennande oppgåve

Sopra Steria er Lånekassens nye samarbeidspartner på IT, og har hjelpa med å etablere og flytte kjernesystema til den offentlege skya Azure. Sopra Steria skal ha ansvaret for å drifte alle Lånekassens IT-løysingar i skya.

 Dette er ei veldig spennande oppgåve for oss. Lånekassen er ein av dei første offentlege verksemdene, og den første verksemda innan bank og finans, vi støttar arbeidet med å flytte alle IT-system opp i skya. Det har blitt jobba hardt fram til deadline, og vi er stolte over å ha bidratt til å realisere denne viktige milepålen. No som Lånekassen er i skya, gler vi oss til å bidra på deira innovasjonsreise som sikrar dei beste tenestene til Lånekassens kundar i tida framover, seier Marte Røijen-Hammer, direktør for forretningsutvikling, bank og forsikring i Sopra Steria.

3 kjappe om sky v/IT-direktør Heidi Brunborg 

Kva er sky?

Omgrepet sky blir brukt om fleire måtar å levere IT-tenester på, gjerne delt inn i tre ulike abstraksjonsnivå; SaaS (Software as a Service), PaaS (Platform as a Service), IaaS (Infrastructure as a Service). Når det er snakk om eigenutvikla løysningar i sky, er det oftast meint Iaas og Paas på ein av dei store såkalla hyperscale skyplattformene frå leverandørar som Microsoft, Google og Amazon. Lånekassens IT-løysingar er nyetablert i Microsoft Azure.

Kvifor sky?

I dei store hyperscale skyløysningane kan sjølv små verksemder nyte godt av profesjonaliteten og utviklingstakta dei globale IT-gigantane er i stand til å operere med som følge av sine enorme kompetansemiljø. I Lånekassen har vi vore tydeleg på at det å vere i skya skal gi oss auka evne til å innovere måten vi utfører vårt samfunnsoppdrag på, auka effektivitet i utviklingsprosessen, auka moglegheit for å tilpasse løysningane til faktisk behov (skalere), og auka sikkerheit.

Er sky sikkert?

Ja, dei som evner å bruke skya sine innebygde moglegheiter, vil kunne få auka sikkerheit i skya samanlikna med eit ordinært datasenter. Samtidig er det viktig å understreke at sikre IT-løysningar alltid avhenger av godt handverk av dei som utviklar og drifter løysningane. Det gjeld i sky som andre stader, men potensialet for god sikkerheit i skya vil eg seie er veldig stor