Lånekassen utvidar søknadsfristen for lån og stipend for våren 2020

Sist oppdatert: 23.03.2020
Fristen for å søkje lån og stipend i Lånekassen for våren 2020 gjekk ut 15. mars. For å hjelpe studentar som mister inntekter som følgje av koronautbrottet, utvidar Lånekassen fristen til 15. april. Det blir opna for nye søknadar frå tysdag.

Rett før helga blei det klart at Lånekassen utvidar søknadsfristen for vårsemesteret med éin månad til 15. april, som eit ledd i å hjelpe studentane. Dei som ikkje har søkt om støtte innan den opphavelege fristen 15. mars, eller som ikkje har søkt om fullt lån og stipend for vårsemesteret, kan søkje.

– Utvidinga av søknadsfristen er eit første tiltak, men vi jobbar vidare med Kunnskapsdepartementet for å finne fleire løysingar, seier Nina Schanke Funnemark, administrerande direktør i Lånekassen.

Nina Schanke Funnemark

Foto: Administrerande direktør i Lånekassen, Nina Schanke Funnemark

Koronautbrottet og permitteringar i arbeidslivet har ført til at ein del studentar mister deltidsjobben sin. Regjeringa varsla før helga at dei ønskjer ei ordning gjennom Lånekassen for studentar som opplever bortfall av inntekt som følgje av koronakrisa.

Mange har moglegheita til å søkje, og mange kan søkje om meir

Det er cirka 95 000 studentar som studerer utan støtte frå Lånekassen dette studieåret. Det betyr at dei finansierer utdanninga si på annan måte enn gjennom Lånekassen. Kor mange av desse som fyller vilkåra og har rett på støtte frå Lånekassen, er ukjent.

– I tillegg er det 25 000 av dei som mottek lån og stipend frå oss i dag, som valde å ikkje søkje om maksimal støtte då dei søkte, kanskje fordi dei hadde jobb ved sidan av utdanninga og derfor berre trong stipend. Desse kan no søkje på nytt om full støtte, dersom dei ønskjer, seier Funnemark.

Dei som søkjer og har rett på støtte, vil få etterbetalt lån og stipend frå semesterstart etter nyttår og frem til no. For å ha rett til støtte frå Lånekassen må ein etter dagens reglar studere minst 50 prosent deltid.

– Viktig å sikre økonomisk føreseielegheit

Den vanskelege situasjonen mange studentar og elevar no står oppe i, får den største merksemd i Lånekassen:

– Koronautbrottet påverkar kvardagen til studentar og elevar, og det skapar naturleg nok bekymringar for kva som skjer med studiestøtta. Vi har full merksemd på å sikre størst mogleg økonomisk føreseielegheit for studentar og elevar i denne vanskelege situasjonen, seier Funnemark.

www.lanekassen.no/korona oppdaterer vi fortløpande informasjon knytt til koronasituasjonen