Lånekassen bruker kunstig intelligens i bokontroll

Sist oppdatert: 30.01.2019
For første gong har Lånekassen brukt kunstig intelligens for å plukke ut studentar til bokontroll. Resultata er no klare: Med kunstig intelligens finn Lånekassen dobbelt så mange studentar som ikkje har gitt riktige opplysningar om kvar dei har budd.

Kvart år gjennomfører Lånekassen bokontroll blant studentar som oppgir at dei bur borte. Det er berre studentar som ikkje bur saman med foreldra sine som kan få omgjering av lån til stipend.

Lånekassen sin bokontroll i 2018 omfatta 25 000 studentar. 15 000 blei plukka ut ved kunstig intelligens (maskinlæring), mens 10 000 blei plukka ut ved tilfeldig utval (kontrollgruppe).

Resultata, som no er klare, viser at kunstig intelligens gjer det lettare å finne dei som ikkje er reelle bortebuarar:

– 5,5 prosent i kontrollgruppa og 11,6 prosent i maskinlæringsgruppa bestod ikkje bokontrollen. Det viser at maskinlæringsutplukket har vore dobbelt så effektivt som det tilfeldige utvalet til å finne studentar som har gitt oss urette opplysningar om bustad. Maskinlæring betyr at vi, baserte på kunnskap frå tidlegare kontrollar, kan droppe å kontrollere dei som med svært stor sannsyn er reelle bortebuarar og som dermed har rett til omgjering til utdanningsstipend, seier Nina Schanke Funnemark, administrerande direktør i Lånekassen.

– Dermed må færre studentar ta seg bryet med å sende inn dokumentasjon, noko som også betyr mindre saksbehandling hos oss, legg ho til. Studentane som blei plukka ut måtte dokumentere at dei budde borte frå foreldra sine i 2017, slik dei hadde oppgitt til Lånekassen.

Dei aller fleste studentane er ærlege

2 300 av dei 25 000 som blei kontrollerte, greidde ikkje å dokumentere at dei hadde budd borte. 5,5 prosent i det tilfeldige utvalet bestod ikkje kontrollen, dette er på same nivå som før.

– Kontrollen viser at dei fleste er ærlege når dei oppgir i søknaden om stipend og lån at dei er bortebuarar. Vi trur heller ikkje at 2 300 har forsøk å lure oss. Her er det nok ein del som ikkje har heilt orden i papira sine – for eksempel kan dei ha rota bort dokumentasjonen sin, eller dei manglar husleigekontrakt. Andre kan ha planlagt å flytte på hybel, men har enda med å bu heime og gløymt å melde frå til Lånekassen om det, slik dei pliktar.

–  Samtidig viser kontrollane våre og tips vi får inn at ein del oppgir at dei bur borte utan at dei gjer det, seier Funnemark.

Misbruk av velferdsgode

Studentar som ikkje består bokontrollen, vil ikkje få omgjering av lån til utdanningsstipend, og dei kan bli nekta støtte heile eller delar av undervisningsåret etter.

– Studiestøtta skal gå til dei som har rett på den. Å motta støtte frå Lånekassen som ein ikkje har rett på, er misbruk av samfunnet sine velferdsgode, og det er usolidarisk overfor andre studentar. Lånekassen skal sørgje for at elevar og studentar får det dei har rett på, men samtidig ikkje meir enn dei har rett på, seier Funnemark.

38,4 millionar kroner innspart

Studentar i høgare utdanning får heile basisstøtta utbetalte som lån, men bortebuarar kan få inntil 40 prosent av lånet gjort om til utdanningsstipend.

– Dersom Lånekassen ikkje hadde gjennomført bokontroll i 2018, ville 38,4 millionar kroner feilaktig ha blitt gjorde om til utdanningsstipend, seier Funnemark.

Ny kontroll snart

Snart blir det gjennomført ny bokontroll i Lånekassen. Også denne gongen vil det bli brukt kunstig intelligens i utplukket. Les om årets bokontroll på lanekassen.no.