Lågaste flytande studielånsrente nokosinne

Sist oppdatert: 10.07.2020
Frå 1. september blir flytande rente i Lånekassen sett ned til 1,539 prosent. Det er lågaste flytande studielånsrente nokosinne.

Flytande rente vil frå 1. september vere 0,62 prosentpoeng lågare enn dagens flytande rente, som er 2,159 prosent. Sidan mars i år har flytande studielånsrente blitt sett ned med like over eitt prosentpoeng frå 2,599 prosent.

– Aldri før har flytande rente på studielån vore lågare enn den vil vere frå 1. september, seier administrerande direktør Nina Schanke Funnemark.

Sist flytande rente var tilnærma like låg var i 2016, då renta ein periode var nede på 1,756 prosent.

Nina Schanke Funnemark, administrerende direktør i Lånekassen
Nina Schanke Funnemark, administrerende direktør i Lånekassen.
Foto: Hege Aas / Lånekassen

Basert på marknadsrenter

Renta i Lånekassen er basert på berekningar frå Finanstilsynet. Både fast og flytande rente i Lånekassen blir berekna ut frå eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda på bustadlån i marknaden.

Flytande rente med verknad frå 1. september er basert på marknadsrentene på bustadlån slik dei var gjennom mai og juni.

Ni av ti har flytande rente

Både fast og flytande rente blir fastsett seks gonger i året. Kundar som ikkje aktivt søker om fast rente, vil automatisk ha flytande rente.

669 300 av Lånekassens kundar har flytande rente på studielånet sitt, medan 37 800 har fast rente.

Neste moglegheit for å binde renta på studielånet er 10.–17. august.

Les meir om rentesatsar i Lånekassen.

Les meir om korleis renta blir fastsett i Lånekassen.