Flytande studielånsrente stig

Sist oppdatert: 10.05.2019
Den flytande renta i Lånekassen vil frå 1. juli 2019 vere 2,198 prosent.

Flytande rente på studielånet er i dag 2,168 prosent, men vil auke til 2,198 prosent frå 1. juli.

Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og basert på berekningar frå Finanstilsynet. Både fast og flytande rente blir fastsett seks gonger i året. Neste moglegheit for å binde renta på studielånet er 10.–17. juni.

Kundar som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk ha flytande rente. 644 100 av Lånekassens tilbakebetalarar har flytande rente på studielånet sitt, medan 49 200 har fast rente.

Lenkjer:
Her er gjeldande og tidlegare rentesatsar i Lånekassen.
Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett her.