Fastrentene i Lånekassen går noko ned

Sist oppdatert: 09.08.2019
Fastrentene i Lånekassen vil frå 1. september være 2,521 prosent for tre års bindingstid, 2,696 for fem år og 2,989 for ti år. Treårsrenta er uendra, medan fem- og tiårsrenta går noko ned.

Medan treårsrenta blir verande uendra, går fem- og tiårsrenta ned med høvesvis 0,069 og 0,184 prosentpoeng samanlikna med i dag. Frå 1. september vil den flytande studielånsrenta vere 2,237 prosent.

Tiårsrenta har gått relativt mykje ned i år, og sist den var under 3 prosent, var i mars 2018.

Binde eller ikkje?

– Om ein skal binde renta eller ikkje, er eit val den enkelte må ta. Er du i ein livssituasjon der økonomisk føreseielegheit er viktig, kan det å binde renta være trygt, seier administrerande direktør i Lånekassen, Nina Schanke Funnemark.

Det er først når bindingsperioden er over at ein veit om det løna seg å binde renta eller ikkje.

– Fastrenta ligg normalt over den flytande, fordi fast rente kan betraktast som ei slags forsikring mot økte kostnadar dersom renta i marknaden går opp. Denne «forsikringa» betaler du for i form av ein høgare rentesats, forklarar Funnemark.

Akkurat no er differansen mellom fast og flytande rente mindre enn den har vore på lenge.

Slik søkjer du om fast rente

Kundar som ønskjer å binde renta frå 1. september, kan gjere det i perioden 10.–17. august. Dei søkjer om fast rente på Dine sider. Både fast og flytande rente blir fastsett seks gonger i året. Kundar som ikkje aktivt søkjer om fast rente, får automatisk flytande rente.

638 000 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, og rundt 48 000 har fast rente.

Rentene i Lånekassen er marknadsstyrt og blir fastsett på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden.