Få betre oversikt over økonomien din

Sist oppdatert: 13.08.2020
Snart kan alle få tilgang til saldo studielån i nettbanken sin.

Sidan 2018 har Lånekassen saman med Sbanken, hatt eit pilotprosjekt der kundane har fått tilgang til saldoen på studielånet sitt i nettbanken. No har Lånekassen klar ei løysning for visning av saldo til alle banker utvikla under DSOP-paraplyen (Digital samhandling offentleg privat) -paraplyen. Snart får alle kundar i SpareBank 1, Sbanken og DnB tilbod om å sjå Lånekassen-saldoen i sin nett- og mobilbank.

– Lånekassen har nærare éin million kundar som med denne tenesta kan få oppdatert saldo for studielånet sitt rett inn i den nettbanken dei bruker til dagleg, og dermed få betre oversikt over økonomien sin, seier administrerande direktør i Lånekassen Nina Schanke Funnemark.

Undersøkingar viser at saldo i nettbank er ei etterspurt teneste. Heile 94 prosent av Lånekassens kundar var interesserte i å sjå studielånsgjelda si i eigen nett- eller mobilbank.

 Henrik Asheim_Nina Schanke Funnemark_Øyvind Aass_FOTO LÅNEKASSEN
Henrik Asheim, Nina Schanke Funnemark,  Øyvind Aass. Foto: Lånekassen

Enklare kvardagsøkonomi

Saldo i nettbank er ein del av DSOP-programmet. Her samarbeider finansnæringa og offentlege verksemder om digitalisering av viktige prosessar i samfunnet som kjem befolkninga til gode og bidrar til forenkling og effektivisering.

– Stadig fleire av kundane våre nyttar seg av moglegheita til å hente inn og sjå kontoar frå andre bankar i våre flater, etter at PSD2, det nye betalingsdirektivet, blei innført i fjor. Med studielånet på plass i mobilbanken også, får kundane våre enda betre oversikt og kontroll over økonomien sin. Vår visjon er å gjere kvardagsøkonomien enklare for folk, og dette er eitt av mange skritt i riktig retning mot å kunne tilby ei oversikt over heile folks økonomi på éi flate. Slik vil kvardagsøkonomi, som for mange kan være komplekst og vanskeleg, heller blir enkelt og lett å forstå for kunden – samtidig som dei kanskje blir litt begeistra i tillegg. Vi er i alle fall veldig begeistra over dette, og over samarbeidet med Lånekassen i denne prosessen, seier administrerande direktør i SpareBank 1 Utvikling, Øyvind Aass.

Statsråden for Lånekassens eigardepartement påpeiker at eit mål for digitaliseringsstrategien i offentleg sektor er å tilby gode, felles og samanhengande løysningar.

– Ingenting er betre enn å samle alt på ein stad. Når fleire no får studielånet sitt inn i nettbanken der dei styrer med alt anna av brukskontoar, sparing og gjeld vil det gi mykje betre oversikt og kontroll over eigen økonomi, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

Levere tenester gjennom andre

I første omgang er det berre mogleg å sjå gjelda i nett- og mobilbanken. Sjølve administreringa av gjelda skjer framleis gjennom Lånekassens nettsider.

– Når saldo i nettbank no blir rulla ut til fleire banker vil det gi oss mange nyttige erfaringar med det å levere tenester gjennom andre. Etterspørsel og tilbakemeldingar frå kundane vil vere viktige innspel for vegen videre, seier Schanke Funnemark.

Studiegjelda di dukkar ikkje opp i nett- og mobilbanken heilt utan videre. Den første gongen må kunden gi samtykke gjennom Altinn. Neste gong kunden loggar inn i nett- og mobilbanken, blir saldo automatisk henta så lenge samtykket framleis er gyldig.

FAKTA

  • Tal kundar i Lånekassen med gjeld: 935 400 (per 31.07.2020)
  • Faktura: 98 % får rekninga enten via avtalegiro eller e-faktura. *
  • Uteståande studiegjeld samla: 201 milliardar kroner (per 12.08.2020)

* Basert på tal frå 31.12.2019.