Endringar i Lånekassens reglar

Sist oppdatert: 16.05.2019
Kunnskapsdepartementet har i dag fastsett forskrifta om tildeling av utdanningsstøtte for undervisningsåret 2019–2020.

Under kan du lese om dei viktigaste endringane som gjeldt undervisningsåret 2019-2020.

Heile forskrifta kan du lese her.

Grunnutdanning som yrkessjåfør

Frå hausten 2018 har vi gitt støtte til søkjarar som tar bussjåførutdanning ved trafikkskolar i Noreg som er godkjent av Statens vegvesen. Vi har gitt støtte i fem veker til søkjarar som tar komprimert grunnutdanning (kurs på 140 timer) og i seks veker til søkjarar som tar førerkort klasse D i samanheng med grunnutdanninga. Frå hausten 2019 kan vi gi støtte i fem veker til søkjarar som tar grunnutdanning som yrkessjåfør og i seks veker til søkjarar som tar førerkort klasse C, CE eller D i samanheng med grunnutdanninga. Med grunnutdanning som yrkessjåfør meiner vi grunnutdanning for person- eller godstransport. Også søkjarar som ønskjer å ta grunnutdanning som lastebil- eller vogntogsjåfør vil derfor ha rett til støtte fra hausten 2019.

Fulltidsutdanning og undervisningsopplegg og Deltidsutdanning og undervisningsopplegg

Kravet om minst seks undervisningstimar per veke for å få støtte til vidaregående opplæring som følgjer offentleg godkjente læreplanar, blir fjerna frå hausten 2019. Dette vil sikre likebehandling av søkjarar som følgjer nettundervisning, søkjarar som følgjer klasseromsundervisning og søkjarar som følgjer ein kombinasjon av nett- og klasseromsundervisning.

Studiebelastning og berekning av støtte

Vaksne med rett til vidaregående opplæring etter opplæringslova § 4A-3 som har fritak fra opplæring i faget kroppsøving etter forskrift til opplæringslova § 1-13, vil frå hausten 2019 få støtte til kroppsøving sjølv om dei ikkje følgjer opplæring i dette faget. Dei vil også få omgjering frå lån til utdanningsstipend for kroppsøvingsfaget.

Utvida støtteperiode for søkjarar i høgare utdanning og fagskoleutdanning

Opptrappinga til 11 månader med støtte for studenter i høgare utdanning og fagskoleutdanning fortset. Studentane vil våren 2020 få utvida støtteperioden med ytterlegare ei veke. Studentane vil dermed få støtte i elleve månader i undervisningsåret 2019–2020. Utvidinga blir gitt med atterhald om Stortinget si bevilling.

Utbetaling av støtte

Etter § 11-2 for undervisningsåret 2018–2019 er det eit krav at søkjaren må ha eigen konto i norsk bank. Bakgrunnen for dette kravet er at støttebeløpet skal utbetalast til søkjaren sjølv. Det blir imidlertid gjort unntak frå dette kravet for søkjarar som under 18 år og for asylsøkjarar som ikkje har moglegheit til å få eigen konto i norsk bank. Kravet om eigen konto i § 11-2 er formulert slik at det kan tolkast som eit eige sjølvstendig vilkår for å få støtte i Lånekassen. Departementet ønskjer å endre på dette frå hausten 2019 då kravet om eigen konto i norsk bank ikkje kan sidestillast med øvrige krav for å få støtte. Ein søkjar kan ha rett til støtte sjølv om han ikkje har eigen konto i norsk bank. Kravet om at søkjaren må ha eigen konto, blir derfor endra til eit krav om at støtta skal utbetalast til søkjaren sjølv. Då får Lånekassen ein tydelegare heimel til å velge alternative løysingar for tilstrekkjeleg identitetskontroll for dei søkjarane som ikkje har eigen konto i norsk bank, men som likevel har rett til støtte. Hovudregelen vil framleis vere at søkjaren må ha eigen konto i norsk bank.

Basisstøtte

Basisstøtta for elever og studentar med rett til støtte etter forskrifta sin tredje del, er auka frå 10 825 kroner per måned til 11 020 kroner per måned.

Ein del av basisstøtta kan bli gjort om til stipend ved fullført utdanning. For søkjarar som er bortebuarar, som har nedsett funksjonsevne og som har rett til støtte i utvida støtteperiode etter § 8-10 (perioden 16.06. til 14.08.), vil den delen av basisstøtten som kan bli gjort om til lån i utvida støtteperiode bli gitt som eit direkte stipend frå og med sommaren 2020. Omgjering av lån til stipend i nemnde sommerperiode er uansett ikkje avhengig av faglege resultat.

Ny ordning for omgjering av lån til stipend for studentar i høgare utdanning

Departementet ønskjer å gi studentar eit sterkare insentiv til å fullføre ei gradsutdanning. Det blir derfor innført ei ny omgjeringsordning for søkjarar i høgare utdanning. Delen lån som kan bli gjort om til utdanningsstipend, vil vere den samme som i dag, det vil seie 40 prosent. Opptil 25 prosent av basisstøtta kan bli gjort om til utdanningsstipend på grunnlag av beståtte studiepoeng, medan opptil 15 prosent av basisstøtta kan bli gjort om til utdanningsstipend på grunnlag av fullført grad. Omgjering på grunnlag av grad vil først skje når graden er fullført. Omgjering på grunnlag av beståtte studiepoeng vil skje fortløpande, som i dag.

Med unntak av gradane ph.d. og dr.philos. vil alle gradar som er regulert i forskrift om gradar og yrkesutdanningar, beskytta tittel og normert studietid ved universitet og høgskolar, gi rett til omgjering av lån til utdanningsstipend.

Også følgjande utdanningar vil gi rett til omgjering på same måte som fullført grad: fullført praktisk-pedagogisk utdanning og følgjande vidareutdanningar i sjukepleie: helsesjukepleiar (tidlegare helsesøster), jordmor, anestesi-, barne-, intensiv-, operasjons- og kreftsjukepleie.

Når det gjeldt utdanning teke i utlandet, er det bachelorgrad, mastergrad og ph.d.-grad som skal gi rett til gradsomgjering.

Den nye ordninga vil omfatte alle søkjarar som får støtte til høgare utdanning frå og med undervisningsåret 2019–2020. Lån som er gitt til og med undervisningsåret 2018–19, vil bli gjort om til utdanningsstipend etter dei reglane som gjeldt i dag.

I dag er det slik at søkjarar som på tidspunktet for omgjering av lån til utdanningsstipend, har betalt inn lån som kunne vore gjort om til utdanningsstipend, kan få tilsvarende beløp utbetalt. Dette gjeldt likevel berre dei søkjarane som har motteke støtte i det kalenderåret som blir omfatta av behovsprøvinga. Dette blir endra frå hausten 2019. Søkjarar som på omgjeringstidspunktet har betalt inn lån som kunne vore gjort om til utdanningsstipend, vil frå hausten 2019 kunne få refusjon uavhengig av når søkjaren mottok støtte.

§ 25-1, § 26-1 og heile kapittel 27 er endra som følgje av den nye omgjeringsordninga.

Søkjarar som ikkje bur saman med foreldra

Søkjarar som blir definert som bortebuarar, og som har rett til støtte etter forskrifta sin tredje del, har rett til omgjering fra lån til utdanningsstipend ved fullført utdanning. Søkjarar som blir definert som heimebuarar, har ikkje rett til slik omgjering. Departementet har ønskja å tydeleggjere forskjellen mellom heime- og bortebuarar slik at ein unngår situasjonar der søkjarane oppfattar at dei har ein annan bustatus enn det regelverket i Lånekassen tilseier. Det er derfor gjort nokre justeringar i definisjonen av kva for søkjarar som skal reknast som bortebuarar frå og med hausten 2019. Søkjarane blir rekna for å være bortebuarar når dei bur i ei sjølvstendig bueining som er fysisk åtskilt frå huset der foreldra bur, eller når dei bur i ei sjølvstendig og klart åtskilt bueining i same hus som foreldra.

Støtte til skolepengar

Lånekassens maksimale sats for lån til skolepengar per undervisningsår dekkjer normalt ikkje alle utgiftene til yrkessjåførutdanninga. Søkjarane som tar ei slik utdanning vil derfor få moglegheiten til å søkje om eit ekstra skolepengelån på inntil 40 000 kroner fra hausten 2019. Dei kan dermed få inntil 105 362 kroner i skolepengelån for undervisningsåret 2019–2020.

Fra SIU til Diku

Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) blei hausten 2018 slått saman med Norgesuniversitetet (NVU) og Program for kunstnerisk utviklingsarbeid (PKU) til eit nytt direktorat. Det nye direktoratet heiter Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku). SIU er derfor erstatta med Diku i § 33-3, § 33-6 og § 38-2 i tildelingsforskrifta.