Åtte av ti studentar får lån gjort om til stipend

Sist oppdatert: 29.11.2016
I desse dagar får studentar over heile landet brev frå Lånekassen med melding om kor mykje av studielånet som er omgjort til stipend. Erfaringa viser at åtte av ti studentar får omgjering.

Basisstøtta til studentar blir gitt som lån, men inntil 40 prosent av beløpet kan bli gjort om til stipend ved fullført utdanning. Det er berre studentar som ikkje bur saman med foreldra sine, som kan få omgjering til utdanningsstipend. I tillegg blir det kravd bestått eksamen og inntekt og formue under fastsette beløpsgrenser.

Får brevet elektronisk på lanekassen.no

260 000 brev er no på veg til kundane sine digitale postkassar på Dine sider på lanekassen.no.

– Studentane får no omgjering for utdanning bestått i 2015 eller tidlegare. Vi gjennomfører samtidig ein sjekk av inntekt og formue for 2015. På bakgrunn av dette får studentane eit brev som fortel kor mykje lån dei har fått omgjort til stipend. Vi reknar med at åtte av ti studentar får omgjering til utdanningsstipend, og dei aller fleste av desse får full omgjering, seier Marianne Andreassen, administrerande direktør i Lånekassen.

6 milliardar kroner i utdanningsstipend

For kalenderåret 2015 utgjer fullt utdanningsstipend nær 40 000 kroner. Lånekassen tildelte i undervisningsåret 2015–2016 totalt 26,3 milliardar kroner i støtte, av dette var 3,6 milliardar stipend og resten lån. Det er venta at cirka 6 milliardar kroner av dette lånebeløpet blir gjort om til utdanningsstipend.  

Samtidig som mange får beskjed om at dei no får lån gjort om til stipend, får somme beskjed om det motsette; at dei får stipend gjort om til lån. Dette gjeld studentar som har fått forsørgjarstipend (ved omsorg for barn) og ekstrastipend (ved nedsett funksjonsevne), og som har hatt inntekt/formue over beløpsgrensene. Begge desse støtteformene blir gitt som stipend i utgangspunktet, men blir heilt eller delvis gjorde om til lån når inntekta/formuen er høgare enn beløpsgrensene.

Fakta om omgjering frå lån til stipend

  • Basisstøtta til studentar blir utbetalt som lån, men inntil 40 prosent av beløpet kan bli gjort om til stipend etter bestått eksamen / fullført utdanning, dersom inntekta og formuen har vore lågare enn dei fastsette beløpsgrensene. Det er berre studentar som ikkje bur saman med foreldra sine under utdanninga, som kan ha rett til utdanningsstipend.
  • Omgjering frå lån til stipend skjer først etter at Lånekassen har fått likningsopplysningane frå skatteetaten, vanlegvis om hausten året etter at studenten bestod eksamen / fullførte utdanninga si. Omgjering for utdanning bestått i 2015 skjer i november 2016, og omgjering for utdanning bestått i 2016 skjer i november 2017. Omgjeringa skjer automatisk, bortsett frå for studentar i utlandet, som må sende inn eksamensresultata sjølve.
  • Studentar som fullfører meir utdanning enn normert, eller tek utdanning utan støtte frå Lånekassen, kan få omgjering for tidlegare periodar som dei ikkje har fått fullt utdanningsstipend for. Dei kan få omgjering for inntil fire år tilbake i tid.
  • Lånekassen tildelte 26,3 milliardar kroner i stipend og lån i undervisningsåret 2015–2016, av dette var 3,6 milliardar kroner stipend og 22,7 milliardar kroner lån. Av det utbetalte lånebeløpet reknar vi med at cirka 6 milliardar kroner vil bli gjort om til utdanningsstipend. 
  • For dette undervisningsåret (2016–2017) utgjer basisstøtta til studentar 10 395 kroner per månad.

Les meir og sjå film om omgjering frå lån til stipend her