Logo og visuell profil

Sist oppdatert: 02.04.2012
Lånekassen lanserte ny visuell profil i januar 2011.

Den nye logoen til Lånekassen består av namnetrekket ”Lånekassen”, og eit symbol. Logoen finst i fargar og svart/kvitt. Som i den gamle logoen, er også det nye symbolet forma av tre L-ar. Dei byggjer kvar sin vegg og utgjer til saman ein kube eller ein kasse som representerer Lånekassen. Symbolet kan blant anna bli oppfatta som ei trapp, ein opning, eller ein kasse som nokon har lånt ein del av.

Logoen og den visuelle profilen er utarbeidde av Kjartan Haugen i samarbeid med Mission Design.

Reglar for bruk av logo

  • Logoen skal ikkje brukast kommersielt utan samtykke frå Lånekassen.
  • Primærvarianten av logoen er horisontal logo med symbol til venstre, etterfølgt av namnetrekk.
  • Logosymbolet skal aldri brukast aleine utan namnetrekket til Lånekassen.
  • Logo skal aldri leggjast på bilete.
  • Logo skal aldri brukast på farga bakgrunn.

Logo for nettbruk

Logo for trykk

Liggende i farger [jpg] Liggende i farger [eps]
Midtstilt i farger [jpg] Midtstilt i farger [eps]
Liggende i sort/hvitt [jpg] Liggende i sort/hvitt [eps]
Midtstilt i sort/hvitt [jpg] Midtstilt i sort/hvitt [eps]