Saksgangen i klagesaker

Sist oppdatert: 26.08.2015
Det er forvaltningsloven og utdanningsstøtteloven som regulerer kven som kan klage på eit vedtak. Er du part i saka eller på annan måte har rettsleg klageinteresse i vedtaket som er fatta, har du rett til å klage på vedtaket.

Klagefrist

Du må klage innan tre veker etter at meldinga om vedtaket er kome fram til deg.

Kva kan du klage på?

Du kan ikkje klage på forskriftene, berre på bruken av dei. For eksempel kan du ikkje klage på brott på saksbehandlingsreglar, med mindre du meiner behandlingsmåten har hatt innverknad på resultatet. Du kan heller ikkje klage på innhaldet i regelverket.

Etter utdanningsstøtteloven har klagenemnda berre opning til å behandle klagar som angår enkeltvedtak om utdanningsstøtte og enkeltvedtak etter reglane om tilbakebetaling. Klagenemnda kan også behandle klagar over vedtak om tilskott til dekning av skolepengar til elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar.

Korleis går eg fram?

Dersom Lånekassen har fatta eit vedtak som du er misnøgd med og som du meiner er galt i forhold til gjeldande regelverk, kan du sende inn skriftleg klage til Lånekassen.

  • Klagen må vere underskriven av deg eller fullmektigen din, du kan derfor ikkje sende klagen på e-post.
  • Det er ikkje nødvendig at du grunngir klagen din, men du må vise til kva vedtakdu klagar på og kva endring du ønskjer.

Sjølv om det ikkje er eit krav at du grunngir klagen din, er det ein fordel for deg at klagenemnda får synspunkta dine på kvifor du meiner vedtaket er feil. Du bør ta med alle argumenta du meiner er relevante for saka. Alt som du har sendt inn og som har tilknyting til klagesaka, blir lagt ved saka.

Kva skjer vidare?

Når du har sendt inn ein klage, vil behandlingskontoret sjå på saka di ein gong til. Det er behandlingskontoret som i første omgang behandlar klagen.

Etter denne behandlinga kan utfallet bli eitt av to: Anten får du medhald eller avslaget blir oppretthalde. Får du medhald, blir vedtaket omgjort med melding frå Lånekassen om kvifor vedtaket er gjort om.

Dersom vedtaket som er klaga blir oppretthalde, vil du få brev frå Lånekassen med ei nærmare grunngiving om kvifor Lånekassen ikkje vil gjere om vedtaket. Dersom du etter denne orienteringa likevel vil ha saka lagt fram for klagenemnda, må du ta kontakt med Lånekassen og gi melding om det. Behandlingskontoret som har saka din vil då umiddelbart setje den opp for klagenemndsbehandling.

Dersom det er grunn til å tru at ei nærmare grunngiving ikkje kan gi ytterlegare opplysningar, vil saka bli send klagenemnda så snart den er tilrettelagd.

Saksoppsett med vedlegg blir sendt til klagenemndssekretariatet, som sender saka vidare til klagenemnda.

Kva skjer i klagenemnda?

Klagenemnda har møte cirka ein gong månaden, der dei går gjennom kvar enkelt sak før avgjerd. Nemnda sin kompetanse er regulert i utdanningsstøtteloven og utfyllande reglar i forvaltningsloven.

Klagenemnda kan undersøkje og uttale seg om alle sider av saka. Dette betyr blant anna at dei kan undersøkje om Lånekassen har lagt riktige faktum til grunn for vedtaket, om forskriftene er riktig tolka og om Lånekassens skjønnsmessige vurderingar har vore forsvarlege.

Når klagesaka blir lagd fram for klagenemnda, undersøkjer nemnda om vilkåra for å behandle klagen er oppfylt. Dersom vilkåra ikkje er oppfylt, skal nemnda avvise saka. Nemnda tek ikkje stilling til sakas innhald.

Avgjerda til klagenemnda er endeleg og kan ikkje klagast vidare. Dersom du likevel meiner det heftar feil ved vedtaket til nemnda, kan du vende deg til Sivilombudsmannen