Klagenemnda

Sist oppdatert: 04.09.2017
Kunnskapsdepartementet har valt ei klagenemnd som vedtak i Lånekassen kan klagast inn til. Den tolkinga og bruken av regelverket som klagenemnda gjer, er retningsgivande for Lånekassen.

Medlemmene blir valde for tre år om gongen, bortsett frå representantane for elevar og studentar, som blir valde for eitt år om gongen. Les meir om kven som sit i nemnda.

Klagefrist og saksgang

Dersom Lånekassen har gjort eit vedtak som du meiner er feil i forhold til regelverket, kan du sende inn ei skriftleg og underskriven klage til Lånekassen. Du må klage innan tre veker etter at meldinga om vedtaket er kome fram til deg. Du kan ikkje klage på forskriftene, berre på bruken av dei. Les meir om korleis du klagar og saksgangen.

Statistikk over saker i klagenemnda

I 2016 behandla klagenemnda 209 saker, 5 av desse fekk mehold. Gjennomsnittleg behandlingstid var 53 dagar.