Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Når skjer omgjeringa av lån til stipend?

    Er du bortebuar og i høgare utdanning, kan inntil 40 prosent av lånet ditt gjerast om til stipend. Omgjeringa skjer automatisk.

    Dine sider kan du sjå kor mykje av lånet ditt som kan bli gjort om til stipend. 

    Omgjeringa skjer i november

    Inntekt og formue er avgjerande for kor mykje av lånet ditt som kan gjerast om til stipend. Derfor må vi vente på likningsopplysningane som kjem i november, året etter at du fekk støtte.

    • Omgjering for utdanning bestått i 2016 skjer i november 2017
    • Omgjering for utdanning bestått i 2017 skjer i november 2018

    Du får eit brev når omgjeringa er gjort, med oversikt over kor mykje av lånet ditt som er gjort om til stipend.

    Vilkår for omgjering

    • Du kan ikkje bu saman med foreldra dine
    • Du må bestå utdanninga du har fått støtte til
    • Du kan ikkje ha inntekt, trygd eller formue over gjeldande grenser

    Les meir om omgjering av lån til stipend.