Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Kontakt for tekniske problemer

    Sende melding om tekniske feil

    Her kan du melde frå om tekniske feil med Lånekassen sine tenester. Du kan ikkje få svar på spørsmål om kundeforholdet ditt. Treng du hjelp til å logge inn på Dine sider, kan du få hjelp her.

    For å ettersende dokumentasjon, må du ofte ha den nyaste versjonen av nettlesaren din. Det fungerer for eksempel ikkje å laste opp dokumentasjon med Internet Explorer 7, men det fungerer med Internet Explorer 11.
    Har du problem med elektronisk signering?
    Problem med å signere avtale om støtte, skjer i dei aller fleste tilfelle fordi BankID ikkje er aktivert ordentleg. Les om problem med signering her.
    Får du ikkje opna brev i postkassen på Dine sider?
    Ved problem med å opne brev i postkassen, for eksempel får du bare opp ei kvit side, bør du installere eller oppdatere Adobe Reader. Eventuelt kan du prøve å opne breva på ein annan maskin.

    Dette bør stå i meldinga du sender

    Når du sender melding til oss om tekniske feil, er det fint om du svarer på så mange av punkta som du klarer i skjemaet. Det gjer det enklare for oss å finne feilen:

    • Kvar (i kva teneste) opplever du problemet?
    • Kva er problemet du opplever?
    • Kva feilmelding(ar) får du?
    • Kva nettlesar bruker du? Kva versjon av nettlesaren har du? Har du forsøkt å oppdatere nettlesaren din for å sjå om det hjelper på problemet du opplever?
    • Kva slags operativsystem bruker du (for eksempel Windows 7,  iOS, Apple eller Linux)?
    • Kva tid oppstod feilen (så nøyaktig tidspunkt som du har)?

    Her sender du melding til Lånekassen om tekniske problem.

    Innlogging til Dine sider

    Når du logger inn på Dine sider, logger du inn via ID-porten. Du kan ikkje kontakte Lånekassen for å få hjelp til innlogging.

    Har du problem med å logge inn, finn du hjelp på ein av desse måtane:

    • Har du glømt passordet? Trykk "Glemt passord" i innloggingen
    • Bruk hjelpeguiden til innlogging
    • Send e-post til
    • Ring Difi på telefon 800 30 300
    • Er du i utlandet? Ring Difi på +47 57 65 50 60

    Du får ikkje svar på henvendelsar om kundeforholdet ditt her

    Du kan ikkje bruke kontaktskjemaet for spørsmål om ditt eige kundeforhold eller Lånekassen sine ordningar. Spørsmål og svar om kundeforholdet ditt og Lånekassen sine ordningar får du på Dine sider.