Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Utbetaling av stipend - videregåande opplæring

    Før vi kan utbetale stipendet ditt må søknaden din vere ferdig behandla, og du må ha oppfylt nokre vilkår. På Dine sider kan du sjå status på søknaden din.

    For å få utbetalt pengane må

    • lærestaden ditt ha meldd inn at du har møtt til undervisning (ein gong kvart semester).
    • du ha registrert eit gyldig kontonummer.
    • du ha signert avtalen om støtte.

    Du får heile utstyrsstipendet ved skolestart dersom du har søkt om støtte for heile undervisningsåret. Når alle vilkåra for utbetaling er oppfylte, tek det ein til to vyrkedagar før pengane er på konto.

    Behandlingstid

    Dei fleste søknader blir behandla automatisk, men somme må sjåast på av ein saksbehandlar. Har du sendt inn dokumentasjon og bedt om ei ny vurdering av ein søknad som er ferdig behandla, må du rekne med lengre behandlingstid.

    Les meir om behandlingstid her. 

    Har du bli bedt om å sende inn dokumentasjon?

    Har du fått melding om å sende inn dokumentasjon, kan du laste den opp på Dine sider. I postkassen på Dine sider ser du kva vi har motteke av dokumentasjon frå deg.

    Sjå status på søknaden din på Dine sider

    På Dine sider kan du sjå om du har oppfylt vilkåra for utbetaling og når du får pengane utbetalte.

     {DynamicContent:Button}