Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Utbetaling av studiestøtte - høgare utdanning

    For at vi kan utbetale stipend og lån må søknaden din vere ferdig behandla, og du må ha oppfylt somme vilkår. På Dine sider ser du status på søknaden din.

    For å få pengane utbetalte må du

    • vere registrert som aktiv student. Du må for eksempel ha betalt semesteravgift og meldd deg opp til eksamen, og vi må ha fått stadfesta studentstatusen din frå lærestaden.
    • signere avtalen om støtte. Har du fått støtte for heile året, treng du ikkje signere på nytt.
    • ha eit gyldig kontonummer.

    Når alle vilkåra for utbetaling er oppfylte, tek det ein til to vyrkedagar før pengane er på konto. Pengane blir utbetalt månadleg, normalt den 15. kvar månad.

    Behandlingstid

    Dei fleste søknader blir behandla automatisk, men somme må sjåast på av ein saksbehandlar. Har du sendt inn dokumentasjon og bedt om ei ny vurdering av ein søknad som er ferdig behandla, må du rekne med lengre behandlingstid.

    Les meir om behandlingstid her. 

    Har du bli bedt om å sende inn dokumentasjon?

    Har du fått melding om å sende inn dokumentasjon, kan du laste den opp på Dine sider. I postkassen på Dine sider ser du kva vi har motteke av dokumentasjon frå deg.

    Sjå status på søknaden din på Dine sider

    På Dine sider kan du sjå om du har oppfylt vilkåra for utbetaling og når du får pengane utbetalte.

      Logg inn på Dine sider