Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Behandlingstid i Lånekassen

    No er behandlingstida lang for brev, e-postar og søknader som må bli behandla av en saksbehandlar. Årsaka til det er at vi får svært mange spørsmål og søknader om lån og stipend i haustsemesteret. Vi jobbar så raskt vi kan, og gjer det vi kan for at du skal få svar så fort som mogleg. 

    Dine sider står det når du kan forvente å få svar på søknaden din. Det likevel kan ta lenger tid enn den datoen du ser på Dine sider, særleg om sommaren og hausten når det er mange som søker om lån og stipend. 

    Type søknad, brev eller dokumentasjon Behandlingstid
    Søknader om lån og stipend for elevar og studentar i Noreg inntil 8 veker
    Søknader om lån og stipend for studentar i utlandet inntil 8 veker
    Søknader om tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne inntil 8 veker
    Søknader om foreldrestipend inntil 12 veker
    Søknader om sjukestipend inntil 16 veker
    Nye opplysningar til ein søknad som er ferdig behandla inntil 20 veker
    Klager inntil 12 veker
    Svar på årleg kontroll av utdanning i utlandet inntil 5 veker

    Dersom du har ein klage som skal avgjerast i klagenemnda, finn du informasjon om møtedatoar her.

    Dersom søknaden ikkje må vurderast av ein saksbehandlar, får du normalt svar på søknaden innan to dagar.

    Svartid på e-post frå Dine sider: inntil 14 vyrkedagar 

    Det er mange som sender oss e-post frå Dine sider og derfor tar det dessverre noko lenger tid før du får svar frå oss enn til vanleg. Kundesenteret vårt svarer på e-postar innan 14 yrkedagar.  

    Nokre e-postar får lenger svartid 

    I nokre tilfelle må saka bli vurdert av ein saksbehandlar, og då er svartida på e-post lenger enn 14 yrkedagar. Dette får du beskjed om i kvitteringa du får når du sender inn meldinga di.  

    Kvifor er det lang behandlingstid? 

    På sommaren og hausten får vi inn mange spørsmål og søknader om lån og stipend. Årsaka til at nokre søknader må bli vurdert av ein saksbehandlar, er at det manglar opplysningar, eller at vi må sjekke opplysningane i søknaden. I slike tilfelle hamnar søknaden i behandlingskø, og det tar tid før du får svar.  

    Vi prioriterer å behandle søknader om lån og stipend, slik at flest mogleg skal få pengar til skolestart. Derfor får også andre spørsmål enn søknadene lengre behandlingstid enn normalt. Vi gløymer likevel ikkje søknaden eller e-posten din.  

    Vi beklagar til deg som må vente lenge på svar frå oss, og forstår at det er frustrerande. Mange spør oss om vi kan framskunde saka deira. Det kan vi dessverre ikkje gjere, fordi vi behandlar saker i den rekkefølga dei kjem inn.