Støtte til norsk og engelsk for vaksne elevar

Sist oppdatert: 20.11.2019
Elevar som tek vidaregåande opplæring for vaksne, må ta heile norsk- og engelskfaget på alle nivå for å ha rett til lån og stipend. Lånekassen gir støtte til heile faget, ikkje delar av det.

Norsk for elevar som tek studiespesialisering
For å ha rett til støtte må eleven ta norsk Vg1, Vg2 og Vg3. Når de klargjer søknaden i arbeidsflata må dykk:

  • oppgi at eleven sitt avsluttande nivå er Vg3.
  • hake av «Norsk» på Vg1, Vg2 og Vg3.

Norsk og engelsk for elevar som tek yrkesfag 
For å ha rett til støtte må eleven ta norsk og engelsk Vg1 og Vg2. Når de klargjer søknaden i arbeidsflata må dykk:

  • oppgi at eleven sitt avsluttande nivå er Vg2.
  • hake av «Norsk» og «Engelsk» på Vg1 og Vg2.

Dersom eleven tek faget over fleire år, må Lånekassen vite når heile den teoretiske utdanninga startar og sluttar for å berekne riktig støtte.

Eksempel: Eleven tek norskfaget frå yrkesfagleg utdanningsprogram over to år, frå august 2020 til juni 2022. De må oppgi start- og sluttdato i arbeidsflata for heile perioden eleven tek norskfaget og alle andre fag. Startdato skal vere august 2020, og sluttdato juni 2022.  
 
Dersom de ikkje har kjennskap til om eleven skal ta heile norskfaget eller engelskfaget skal de ikkje oppgi faget i arbeidsflata. Eleven har ikkje rett til støtte dersom han berre tek delar av faget.