Generelt om klargjering av søknader for vaksne elevar

Sist oppdatert: 05.08.2020
De må klargjere søknadene for alle elevar som tek vidaregåande opplæring for vaksne. Ver spesielt oppmerksam på enkelte felt, nærmare beskrive nedanfor.

Oppgi start- og sluttdato for heile den teoretiske utdanninga 

For å berekne riktig lån og stipend, må Lånekassen vite når heile den teoretiske utdanninga startar og sluttar, sjølv om perioden strekker seg over fleire studieår. Det er ikkje tilstrekkeleg å gi opplysningar om inneverande år dersom eleven tek opplæring over fleire år. 

Eksempel: Viss eleven for eksempel startar på ei toårig utdanning i august 2020, og planlegg å avslutte i juni 2022, skal startdato vere i august 2020, og sluttdato vere i juni 2022. Viss eleven endrar planar undervegs, er det viktig at de melder fra om endringar i sluttdato, og/eller fag. Fagopplæring i skole og opplæring i bedrift er praktiske utdanningar, og skal ikkje takast med i klargjering av søknaden. 

Oppgi eleven sitt avsluttande nivå 

Det er viktig at de oppgir kva nivå eleven planlegg å avslutte den teoretiske delen av utdanninga si på (Vg1, Vg2 eller Vg3). 
Viss eleven skal ta fag frå to utdanningsprogram, oppgir de avsluttande nivå for hovudprogramområdet. 

Norsk for elevar som tek studiespesialisering 

For å ha rett til lån og stipend til norskfaget, må eleven ta norsk på Vg1, Vg2 og Vg3. Når de klargjer søknaden i arbeidsflata må de:

  • oppgi at eleven sitt avsluttande nivå er Vg3. 
  • hake av «Norsk» på Vg1, Vg2 og Vg3. 

Norsk og engelsk for elevar som tek yrkesfag etter gammal læreplan (LK06) 

Elevar på yrkesfag, som tek norsk og engelsk etter gammal læreplan (LK06), må ta begge fag både på Vg1 og Vg2 for å ha rett til lån og stipend til desse faga. Når de klargjer søknaden i arbeidsflata må de: 

  • oppgi at eleven sitt avsluttande nivå er Vg2. 
  • hake av «Norsk» og «Engelsk» på Vg1 og Vg2. 

Viss de ikkje har kjennskap til om eleven skal ta heile norsk- eller engelskfaget skal de ikkje oppg faget i arbeidsflata. For å få lån og stipend til desse faga må eleven ta heile faget, ikkje bare delar av det.

Meld frå om endringar så raskt som mogeleg 

Endringar i opplæringa kan få konsekvensar for søkaren sin rett til lån og stipend, og for omgjering av lån til stipend. Derfor må de melde frå om endringar så raskt som mogeleg. De må melde frå dersom søkaren: 

  • endrar start- og sluttdato 
  • trekker seg frå fag 
  • melder seg på nye/fleire fag 
  • får fag godkjent som realkompetanse 
  • får fritak for fag 

For å melde frå om endringar, søker de opp eleven i det grøne feltet på framsida av arbeidsflata, og vel «Endre studiebelastning».