Årstimar

Sist oppdatert: 22.04.2020
Årstimar for fag i vidaregåande skule er fastsette i læreplanen (Kunnskapsløftet).

Årstimar for dei ulike faga finn du på vilbli.no

  • Vel utdanningsprogram 
  • Vel «Fag og timefordeling» i høgremenyen
  • Klikk på det aktuelle trinnet for å sjå fag og årstimar 
Slik finn du fram til fag og årstimar for dei ulike utdanningsprogramma. (LEKKJE) 
Lånekassen reknar ut studiebelastninga ut frå kor mange årstimar eleven tek, og lengda på utdanninga. Ein elev må ha minst 50 prosent studiebelastning for å ha rett til støtte. Vi gir 50, 67, 75 eller 100 prosent støtte.  Vi rundar alltid ned til nærmaste intervall.  

Gjeld elevar utan ungdomsrett

Lånekassen reknar ut studiebelastninga ut frå kor mange årstimar eleven tek, og lengda på utdanninga. Frå studieåret 2020-2021 vil kravet om minst 50 prosent studiebelastning blir fjerna. Det betyr at eleven/studenten som tek utdanning i Noreg vil kunne få lån og stipend ut i frå nøyaktig kor mange fag/studiepoeng han planlegg å ta.

Studerer deltidsstudenten for eksempel 40 prosent av fulltidsutdanning, har han, etter nytt regelverk, rett til 40 prosent av beløpet ein heiltidsstudent får. Regelendringa vil tre i kraft frå haustsemesteret 2020.

Dette gjeld fram til haustsemesteret 2020

I dag har ikkje eleven/studenten rett til lån og stipend dersom han studerer mindre enn 50 prosent av ei fulltidsutdanning. Deltidsstudentar får anten 50, 67 eller 75 prosent av det beløpet ein fulltidsstudent får i lån og stipend. Vi rundar alltid nedover til nærmaste intervall.

Les meir om studiebelastning og endringar