Rapportere frammøte

Sist oppdatert: 16.03.2018
For at eleven/studenten skal få utbetalt pengar, må du rapportere at ho har møtt fram til undervisninga.

Eleven/studenten må ha opptak, og rett til å gå opp til eksamen, før du kan rapportere frammøte.

Dersom du er usikker på om eleven/studenten har møtt til undervisninga, kan du vente ei stund før du melder "Ikkje møtt". Du treng ikkje rapportere frammøte for alle på lista samtidig. 

Ofte stilte spørsmål om frammøte


Kan eg sortere og søkje i lista med møtt-oppgåvar?

  • Ja, du kan både sortere og søkje i lista. 
  • Du kan for eksempel sortere på namn eller klasse/utdanning. Klikk på dei små pilane øvst i lista.
  • Du kan også søkje opp elevar/studentar i søkjefeltet øvst i lista.

Kva gjer eg dersom ein elev har valt feil utdanningsprogram?

Gjeld ordinær vidaregåande skole:

  • Dersom eleven har møtt til undervisning, rapporterer du møtt på vanleg måte.
  • Elevar som har bytta til eit utdanningsprogram med høgare utstyrsstipend, må sende inn ein ny søknad for å få mellomlegget.
  • Elevar som har bytta til eit utdanningsprogram med lågare utstyrsstipend, får behalde stipendet dei allereie har fått.

Kva gjer eg dersom ein elev står oppført med for eksempel Vg1 i staden for Vg2?

Gjeld ordinær vidaregåande skole:

Dersom eleven har møtt til undervisning, rapporterer du "møtt" på vanleg måte. Det har ingenting å seie for støttebeløpet om eleven går Vg1 eller Vg2.

Kva er lengda til semestera?

  • I møtt-oppgåva er lengda til semestera normalt:
         - 16.08. til 15.01. for haustsemesteret 
         - 16.01 til 15.06. for vårsemesteret
  • Rapporter "møtt" via oppgåvelista.
  • Du kan stadfeste "møtt" på eit tidlegare tidspunkt (før 16.08. eller 16.01.) dersom dykkar semester startar tidlegare, og eleven/studenten har møtt til undervisning i det nye semesteret.

Kvifor dukkar same namn opp fleire gonger?

  • Dersom ein elev/student har sendt fleire søknader til Lånekassen, får du ei møtt-oppgåve per søknad.
  • Du skal rapportere «møtt» kvar gong namnet til eleven/studenten dukkar opp i lista, dersom eleven/studenten har møtt til undervisning.

Kvifor finn eg ikkje alle elevane/studentane i møttlista?

  • Det er berre elevar/studentar som har fått innvilga støtte for det aktuelle semesteret, som står i lista på arbeidsflata.
  • Elevar i vidaregåande skole som berre har fått utstyrsstipend, får heile beløpet utbetalt i haustsemesteret. Desse elevane står derfor ikkje i lista for vårsemesteret.

Kan eg rapportere "møtt" for våren, sjølv om eleven har hatt stort fråvær på hausten?

Dersom eleven møter til undervisning no, skal du rapportere "møtt" på vanleg måte, via oppgåvelista.

Kvifor står elevar/studentar i møtt-lista for våren sjølv om eg tidlegare har rapportert avbrott for dei?

  • Melding om elevar/studentar som har avbrote utdanninga i løpet av haustsemesteret, fører ikkje automatisk til at møtt-oppgåva for vårsemesteret forsvinn frå arbeidsflata.
  • Du må derfor i enkelte tilfelle likevel rapportere "ikkje møtt" for ein elev/student i vårsemesteret, sjølv om du har sendt avbrottsmelding i løpet av haustsemesteret.

Kva gjer eg dersom eg har rapportert «møtt» ved ein feil?

Kva gjer eg dersom eg har rapportert "ikkje møtt" ved ein feil?

Gjeld vårsemesteret:

  • Før 16. januar: Ta kontakt med Lånekassen. Dersom du rapporterer frammøte før 16. januar utan å bruke oppgåvelista, registrerer Lånekassen det som frammøte for haustsemesteret.
  • Etter 16. januar: Du retter opp feilen ved å søkje opp eleven/studenten i arbeidsflata, og klikke på "møtt".