Påbygging til generell studiekompetanse 23-timars kurs

Sist oppdatert: 03.07.2017
Elevar som er 24 år eller yngre og søkjer om støtte til påbygging til generell studiekompetanse 23-timarskurset, har rett til støtte etter andre del i forskriftene til Lånekassen.

Dei skal derfor bruke søknaden om stipend og lån til vanlig vidaregåande opplæring.

Kven har påbyggingsrett?

Elevar som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring i 2014 eller seinare, kan ta påbygging til generell studiekompetanse som ein utvida del av retten til vidaregåande opplæring innan utgangen av det året dei fyller 24 år. Det er dette som blir kalla påbyggingsrett etter § 3-1 i opplæringslova.

Dette gjeld elevar ved offentlege vidaregåande skolar og privatskolar godkjende etter privatskolelova. Informasjonen nedanfor gjeld berre for elevar som tek kurset «Påbygging til generell studiekompetanse 23-timars kurs».

Det er viktig at elevar som har opptak til 23-timarskurset vel dette kurset, og ikkje 30-timarskurset, når dei søkjer om støtte frå Lånekassen.

Pass på at elevane bruker rett søknad

Elevane som er omfatta av endringa, skal bruke søknaden om stipend og lån for vanleg vidaregåande opplæring.

  • Dersom eleven er 24 år eller yngre og har valt søknaden om stipend og lån til høgare og anna utdanning, har han/ho brukt feil søknad.
  • De må då avvise søknaden i arbeidsflata, med årsaka «Søkjaren har ungdomsrett».
  • Påbyggingsrett i VIGO for elevar i offentleg vidaregåande skole
  • Fylkeskommunen skal registrere påbyggingsrett etter § 3-1 i Vigo for dei aktuelle elevane som skal gå på offentleg vidaregåande skole.
  • Påbyggingsrett blir registrert manuelt ved fylkeskommunen etter at elevane har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring.
  • Dersom det ikkje er registrert påbyggingsrett for eleven, vil han/ho ikkje få tilgang til søknaden om stipend og lån for vanleg vidaregåande opplæring.
  • Når de klargjer søknadene i arbeidsflata, må dykk svare «Ja» dersom de får spørsmålet «Har eleven ungdomsrett?». Ungdomsrett tilsvarer påbyggingsrett etter § 3-1 i opplæringslova i dette tilfellet.

Påbyggingsrett for elevar ved privatskolar

  • Det blir ikkje registrert påbyggingsrett i Vigo for elevar ved privatskolar som er godkjende etter privatskolelova.
  • Når de klargjer søknadene i arbeidsflata, må dykk svare «Ja» på spørsmålet «Har eleven ungdomsrett?» Ungdomsrett tilsvarer påbyggingsrett etter § 3-1 i dette tilfellet.